Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 mandag 21. april 2008 kl 19.55 Faktor: Kristine blir blind

Optimist før mørkret

Kristine Fagerbakke har den arvelege augesjukdommen retinitis pigmentosa. (Foto: NRK)
Kristine Fagerbakke har den arvelege augesjukdommen retinitis pigmentosa. (Foto: NRK)
Kristine Fagerbakke har den arvelege augesjukdommen retinitis pigmentosa. Ho bur i øykommunen Austevoll i Hordaland med sambuar Stig – og håpar at dei rekk å få barn medan ho enno ser litt. I Austevoll er det ti gonger så mange som har retinitis pigmentosa enn elles i landet.

Men retinitis pigmentosa gjer krav på meir og meir av synet. Sidan ho var lita har sjukdommen drepe viktige celler i augo hennar. No har ho berre litt syn igjen, men har mista fargane, fått dårleg djupnesyn og sidesyn, og har store, svarte flekkar i synsfeltet.

Høyra, ikkje sjå
Det er ei sterk jente du møter i dette programmet. Full av pågangsmot, talent og humor. Ho slår ikkje av på forventningane til livet og aksepterer ikkje grensene sjukdommen set for henne. Med den oppdrifta ho har, tvilar heller ingen av hennar næraste på at ho kan klara nett det ho vil klara. Musikken har ein stor plass i livet hennar.

-Tenk om eg var døv, det hadde vore mykje verre, seier ho sjølv.

Produsert av NRK Program riks, Hordaland
Programansvarlig: Lars Christian Wallace, mobil 99 26 39 76
Redaktør: Oddbjørn Rosnes, mobil 47 81 54 58
Kontaktperson: Steinar Dahl, tlf 23 04 74 57
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900
info@nrk.no