Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 10. mars 2013 kl 20.15 Tilbake der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Fra Sogn til Hvaler


I det andre ekstraprogrammet av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» dreg vi tilbake til Finden i Sogn, Kvipt i Vest-Telemark, Værøy i Lofoten, Skjerdal i Nordfjord og Makø på Hvaler. Kva har skjedd med folka som budde der etter at vi laga programma om dei?

Finden i Sogn levde geitebonde, turistvert og hjortejeger Lars Finden saman med to mindreårige born. Sambuaren, Laila Lilleøren, hadde reist frå Finden og budde i eit hus i næraste bygdesenter, Vik. Har Laila vendt tilbake til Lars, eller strevar han framleis åleine? Kvar er det blitt av borna, og korleis går det med turistanlegget Lars var i ferd med å byggje opp inne i den vakre Finnafjorden?

I Fyresdal hadde Åsmund Fjellheim Kvipt teke med seg kone og born og flytt attende til den fråflytte fjellgarden Kvipt, der han i si tid kom til verda. Der bygde han om dei husa som fanst og reiste nye, staselege stabbur. Saman med kona omskapte han gardstunet til ein eventyrstad for dagsturistar og overnattingsgjester. Sidan sist har dei hatt prominente gjester på besøk og gjennom dei fått nye vener. Men vil Kvipt ha ei framtid som turiststad også etter at dei sjølve trekkjer seg tilbake?

Værøy kjøpte ein ung mann ein nedlagd flyplass og omgjorde terminalbygningen til heim. Seinare fekk han sambuar, som starta sjokoladefabrikk i botnen av flytårnet. Blir det framleis laga sjokolade på den gamle flyplassen, og har den kreative dama fleire originale påfunn å vise til? Nyt dei framleis midnattssola og nordlyset i «det stille rom» i toppen av flytårnet, eller er planane blitt omsnudde?

I Skjerdal hadde det driftige gardfolket mange jern i elden. Dei bygde kraftverk og skulle starte ny drift i det store smoltanlegget som hadde gått over ende. Dei hadde drive hesteal og hadde framleis fleire stolte travarar på stallen. Dei gjorde gode pengar på hjortejakt, og attpå alt var dei vanlege gardbrukarar. Men ein overhendig flaum reiste med store delar av matjorda og grov grunnen under eine bustadhuset. Korleis ser det ut på den flaumherja garden i dag??

Til sist skal vi tilbake til Makø på Hvaler, der buddhisten Tore Amarius hadde slege seg ned med kone og son. Dei tok imot born som barnevernet ikkje visste råd me, og som hadde det like vanskeleg som han sjølv hadde hatt i unge år. Men ei tragisk hending ei jonsoknatt gjorde at barnevernet ikkje lenger ville sende born og unge til Makø. Framtida verka uviss for den vesle familien. Kva har hendt? Bur dei der framleis? Har dei igjen fått lov til å ta imot unge som treng hjelp, eller har dei funne på noko heilt anna?

Egenproduksjon, 2012.
Del 2 av 4.
Reporter: Oddgeir Bruaset
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no , tlf 414 28 800
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900