Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 27. oktober 2011 kl 20.15 Solgt!

Billigast i Norge?


Det ligg midt mellom Oslo og Kristiansund – men har likevel nokon av dei lågaste bustadprisane i landet. Solgt! tar temperaturen på bustadmarknaden i Telemark. Kva med hus og eige symjebasseng ved elvekanten i Skien?

Skien er ein av Norges eldste byar og Henrik Ibsen sin fødeby. Og her er det mange stader mulig å gjere eit bustadkupp. Prisane er mykje lågare enn samanliknbare område. Berre ved å flytte seg over til nabobyen Larvik – skyt prisane i været.

-Det er vanskeleg å finne ei særskild forklaring på dei låge bustadprisane i området. Men det er heilt klart at området har vore påverka av svingingane i industrien og at ein del av omsetninga skjer innbyrdes utan stort prispress utanfrå, fortel programleiar Frode Søreide i Solgt!

Revansj
Det er ingen enkle oppgåver meklarane får å bryne seg på. Tomannbustad mellom Porsgrunn og Skien. Eit gamalt trehus med masse historie i Langesund og som er mitt under oppussing. I tillegg 90-tals villa med eige symjebasseng langs elvekanten i Skien.

Til å tippe pris i Telemark har vi henta meklarar frå Privatmegleren i Tromsø; Einar Storhaug og Marte Øksendal. Dei møter DnB Nor Eigedom i Bergen representert ved Sissel Bjørhovde og Dag Jonny Johannessen. Diss to para har vi også møtt tidligare. Dei konkurrerte nemleg saman i det aller første programmet av Solgt! Den gong vann bergensarane suverent så tromsøværingane er sugne på revansj.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".

Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar og ein marknadsandel på mellom 40 og 50 prosent.

Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobbet over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontorer, FBI og ved 17-mai-sendinga.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, info@nrk.no, tlf: 815 65 900