Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 7. januar 2012 kl 21.55 Norsk attraksjon

Utanfor den vanlege turistløypa


Norsk attraksjon trakkar utanfor den vanlege turistløypa og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte program guidar Linda Eide oss til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske.

Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi. Bli med på ei reise inn i eit Noreg som ingen har bede deg om å hugse, men som du aldri kjem til å gløyma. Det blir kuldesjokk i Karasjok, Leif Ove Andsnes på ustemt flygel, ei heftigare brudeferd enn den i Hardanger, nærkontakt med ville dyr og mykje meir i denne tredje sesongen av suksesserien "Norsk attraksjon".

Episode 1
Linda Eide rullar i gong fyrste program med eit smell. Ho har rulla på Voss, ho har rulla på operataket og no skal heile landet rulle. Norgesrullen tek fart og får ein pangstart med sju meter fritt fall.
Dramatikk blir det også når "Norsk attraksjon" går til scenen med eit salongdrama i særklasse, om gudfryktige Anders Nord som trassa si hysteriske kone og ein heil bybrann. Så sterk i trua var han at huset stod att sjølv om heile Ålesund brann.

I Oslo er det ein sær heis som får attraksjonsguiden på besøk. For i Noregs einaste gjenlevande paternosterheis blir jamvel heismusikk betre enn sitt rykte. Heisen som går og går utan stopp og start, har ikkje sin make i landet. Det har heller ikkje Karasjok. Finn fram polvottane og bli med til den kaldaste staden i landet. Kor mykje kulde kan ein bleik vestlandskropp tåle, og hjelp det med ull på hovudet når ho knapt har ein tråd på resten av kroppen?

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no, tlf: 815 65 900