Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 torsdag 27. mars 2008 kl 09.30 Ukas P2-artist: Ingor Ántte Áilu Gaup

Ingor Ántte Áilu Gaup frå Kautokeino


Han er sta, han er eigen og han har grunn til å vere det. Viss dei ikkje kjempar for å få fram den samiske kulturen, er det vanskelegare for andre å forstå. Kulturen formar menneskjet.

Joiken har fylgt han gjennom heile livet, men joiken fekk han ikkje heimefrå. – Joik er synd, sa både mor og far hans etter at dei vart kristne. Mor hans var salmesongar i kyrkja. Sidan joik var forbudt, syntest Áillos at joiken var noko ukjent og spennande då han var ung. Men då den amerikanske rocken slo gjennom i det unge sinnet, vart det ein fot i joiken og ein i rocken. Som attenåring starta han det fyrste samiske rockebandet "Ivnniguinn". Men Áillos ville ikkje synge på amerikansk, han ville synge på samisk. Sitt eige språk. Han laga tekstar som handlar om kulturen, naturen og politikk.

Han kombinerar sine eigne komposisjonar og tekstar med tradisjonell joik. Áillos har gjennom åra vore med på mange sceneprosjekt og CD-produksjonar. Nils-Aslak Valkeapää var ein viktig samarbeidspartner, men også oppdraga som gjestemusikar på Jan Garbareks "I took up the runes", Anbjørg Liens "Baba Yaga" og gruppa "Fri flyt" er andre viktige bidrag. Den siste plata han er gjestemusikar på, betyr også mykje - då er han saman med Ole Edvard Antonsen. I påska slepper Áillos si fyrste soloplate igjen etter tredve år. Tittelen er "Yoikur" (urjoik).

Áillos er fast skodespelar på Beaivvás Sámi Teather (det samiske teateret) i Kautokeino og dei turnerar over heile Norden. Livet som musikar og skodespelar har gått hånd i hånd. Du ser han også i ledande roller på filmane "Veiviseren" og "Kautokeinoopprøret" som Nils Gaup har vore filmregissør for. Gjennom alle åra som musikar, skodespelar, komponist, tekstforfattar og fløytist m.m kallar han seg for "Samisk kulturarbeidar".

Då Áillos vart døypt på 1960-talet, fekk han norskt namn i kyrkja, men etter kvart syntest han ikkje dette var rett, sidan han var same. Difor ba han myndighetene om å endre det til samisk. Han vaks opp i goahti (stor lavvo) og flytte ikkje inn i permanent hus før han var sju år gamal. Slik sett er han den siste generasjonen i samisk kultur som ikkje har vakse opp i hus. Naturen og den samiske kulturen er sjølvsagt ein veldig ein stor del av han. Det merkast med det same du møter Áillos. Han er open, nær og god formidlar med ein viktig kulturell bodskap, på same tid som han har skjemt i auga og full av godt humør. Ikkje utan grunn har serien fått tittelen "Kulturformidlaren"…

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

"Ukas P2-artist" NRK P2
Mandag 24. mars – fredag 28. mars
Kl. 09.30. Reprise kl. 19.00.