Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 20. mai 2008 kl 19.30 Ut i naturen: Magasin

Villsvina vender tilbake

Ut i naturen: Magasin: Villsvina vender tilbake – via Sverige! (Foto: Nils Arne Sæbø, NRK)
Ut i naturen: Magasin: Villsvina vender tilbake – via Sverige! (Foto: Nils Arne Sæbø, NRK)
For eit par tusen år sidan forsvann villsvina frå norske skogar og sletter. Litt seinare forsvann dei også frå Sverige. For vel 30 år sidan innførte svenskane dei nordeuropeiske villsvina på nytt, og dei har breidd seg med rekordfart. No er dei også på veg attende til Noreg, langs svenskegrensa i søraust. Er villsvina brysame skadedyr, eller ein verdifull matressurs?

Direktoratet for naturforvalting (DN) har stempla villsvina som uønskte, derfor er det lov å skyte villsvin året rundt. I Aremark i Østfold har dei skote fleire villsvin, og jegerane skryt av det gode kjøtet. Dei meiner at faste fôringsplassar kan gjere skadene villsvina påfører avlingane mindre.

På villsvinjakt
I lag med Monika Blikås i "Ut i naturen" vitjar vi både Aremark og ei naturperle i Sverige der villsvina får utfalde seg fritt – fordi dei blir sett på som ein ressurs. Vi blir med programleiaren på jakt i seine kveldstimar når villsvina er på sitt mest aktive…

Mårhunden
Villsvinet er ikkje dei einaste arten svartelista av DN. Også mårhunden er uønskt i Noreg. Programleiar Kari Toft oppsøkjer dette austasiatiske hundedyret, som i si tid blei innført i Sovjetunionen. Mårhunden kjem no til Noreg via Finland. Dette er eit altetande rovdyr som kan gjere stor skade i sjøfuglkoloniar, og han kan bere med seg rabies.

Harlekin-marihøna
Ein annan uønskt – og frykta – art er harlekinmarihøna, som Hanne Aass ser nærare på. Den er også austasiatisk, og kan i verste fall utrydde våre norske marihøner. Med fleire årlege formeiringar, vond lukt og giftige larver kan den snart bli eit stort problem både for fruktdyrkarar og huseigarar.

Program fra Naturredaksjonen, NRK Hordaland (2008)
Programansvarlig: Monika Blikås, tlf 478 17 396
Redaktør: Terje Dale, tlf 915 32 430
Kontaktperson i Programinformasjon: Steinar Dahl, tlf 23 04 74 57
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 eller info@nrk.no