Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK3 fredag 27. august 2010 kl 21.35 Film: Proof


Catherine har vore sterkt knytt til den nyleg avlidne far sin, ein genierklært matematikar som den siste tida sleit med mentale problem og sinnssjukdom.

No som han er borte, forstår Catherine at ho må ta eit oppgjer med seg sjølv og sin eigen angst, som ho lenge har halde i sjakk og skjult for seg sjølv og omverda.

Mens Catherine prøver å venje seg til eit liv utan faren, møter ho ein av dei tidlegare studentane hans, som no arbeider seg gjennom dei gamle notata til den avlidne i håp om å finne nye genistrekar som ingen har oppdaga før.

Samtidig er Catherine klar over at ho har arva farens intelligens, og at det - til liks med faren - kan komme til å koste henne dyrt.

Sendt tidligere.


Amerikansk drama frå 2005
Originaltittel: Proof
Regi: John Madden
Med Gwyneth Paltrow, Anthony Hopkins, Hope Davis, Jake Gyllenhaal og Gary Houston
Kontaktadresse for presse: Presse tlf 414 28 800
TV-seere bes kontakte: Publikumsservice tlf 815 65 900 Publikumssevice