Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 21. mars 2010 kl 09.30 Språkteigen

Jakta på halvemålet

Finst halvemålet framleis? Seier nokon framleis 'esten ass Ans' i staden for 'hesten hans Hans'? Blir Aud, Ester og Espen framleis kalla Haud, Hester og Hespen?

Ein gong i tida snakka ein halvemål frå Sunmøre til Bergen, men i løpet av 1900-talet blei dette dialekttrekket latterleggjort og undertrykt.

- Du skal leite godt for å finne halvemålet i dag, seier språkforskar Helge Sandøy.

Så Språkteigen leita. Bli med til Alnes utanfor Ålesund, på jakt etter 'esten ass Ans'.