Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 25. april 2010 kl 09.30 Språkteigen

Veps & vespa: lydar i stolleik

På norsk heiter det veps, på engelsk heiter det wasp. Nokon seier kross, andre seier kors. Kvifor byter lydane somme tider plass? Språkvitar Helge Dyvik forklarar fenomenet metatese.

- Når hadde mat noe med språk å gjøre?
Musikaren Dannyboy frå Holmlia er lei av ordet kebabnorsk. Sjølv kallar han språket sitt dialekt. Men kvalifiserer hans norske variant til dialektstatus? Språkforskar Bente Ailin Svendsen ser inn i glaskula, og trur ho skimtar svaret.

Diblar du? Verbet 'å dible', som truleg er det ferskaste ordet her til lands blei kokt fram ved MK-lab'en ved Elvebakken videregående skole i Oslo. Elevane Ingrid Myhr og Frida Hambro Angell fortel oss kvifor.

Er lapskaus eit norsk ord? Sylfest Lomheim bryner seg på lyttarspørsmål-

Denne sendinga er eit gjenhøyr frå 18. oktober i fjor.