Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 1. desember 2011 kl 20.25 Solgt!

Kva kostar ein landhandel?


Kva kostar ein gamal landhandel? Det blir ei av utfordringane når Solgt! tek turen til Lillestrøm og Skedsmo kommune for å tippe bustadprisar. Nærleiken til Oslo og Gardermoen har gitt kommunen eventyrleg vekst både i næringsliv og bustadprisar.

To lag med meklarar frå Kristiansund og Trondheim kjempar om sigeren i Solgt! i kveld. Dei anar lite om bustadmarknaden på Nedre Romerike.

-Det er alltid like spanande å ta med meklarar til eit framande område. Sjølv om dei er meklarar så har dei ikkje kunnskap om bustadprisar i heile landet – så det er mykje tipping. Det viktigaste er å forsøke å finne ut kor populært eit område er, seier programleiar Frode Søreide.

I tillegg til ein gamal nedlagt landhandel byr programleiar Frode Søreide på to andre spanande objekt i Lillestrøm. Først ei sentrumsleilegheit mitt i hjarte av Lillestrøm. I tillegg til villa i det populære området Volla. Her er det tett mellom husa, men likevel eit av dei mest attraktive områda i byen.

Frå Trondheim deltek Odd Olav Berg og Lisbeth Kristiansen, frå Aktiv Eiendomsmegling i
Trondheim. Dei møter Maria Alvheim Klinge og Anbjørn Ulseth frå Ulseth & Fladseth
Eiendomsmegling i Kristiansund.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".
Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar.
Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, FBI og 17-mai-sendinga, og ved NRK sine distriktskontor.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland , tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no tlf: 815 65 900