Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 fredag 25. juli 2008 kl 19.30 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Hest og hjort og fantasifulle folk

Evelyn Skjerdal driv hjortejakt frå soverommet. (Foto: Tor Sivertstøl)
Evelyn Skjerdal driv hjortejakt frå soverommet. (Foto: Tor Sivertstøl)
Fordi om ein driv gard, treng ein ikkje leve av ku og sau åleine. Det er folket på den veglause garden Skjerdal i Nordfjord det beste beviset på.

Lenge satsa bonden i Skjerdal på oppdrett av travhestar. Sjølv om han bur midt i fjordhestdistriktet, heldt han seg til fullblods arabarar og angloarabarar.

Så lenge det la ferje til kai i Skjerdal, var det lettvint å få hestar til og frå garden. Men så vart det bygd veg innetter Hyefjorden, på motsett side av den Skjerdal ligg på, og ferja vart borte. No må folket på den veglause garden ta seg over fjorden i eigen båt, med dei problem det valdar. Til dømes er det ikkje spesielt lysteleg å skulle frakte ein mjølketank i ein liten båt på stormfulle dagar. Derfor har Jens Skjerdal ikkje berre kvitta seg med dei fleste rasehestane, men mjølkekyrne er erstatta med kjøtproduserande kveg. I tillegg har han sikra seg andre inntektskjelder.

Kraftverk
Gjennom den vakre Skjerdalen renn det ei elv som Jens visste kunne gje god innkomme, om han berre fekk byggje ut. Men Skjerdalselva høyrde til dei verna vassdraga, og først etter lang kamp med besøk av både stortingspolitikarar og departementale folk vart vernevedtaket oppheva.

No byggjer Jens og sonen Daniel kraftverk som ikkje berre skal forsyne garden med den straumen som trengst, men hundrevis av husstandar skal få elektrisitet frå Skjerdalselva.

I tillegg skal både kraftverket og elvevatnet bli til nytte for eit oppdrettsanlegg som Jens har teke over nede ved fjorden. Igjen skal det klekkjast ut yngel og alast opp setjefisk i Skjerdal.

Hjortejakt frå soveromsglaset
Dessutan beiter hjorteflokkane i liene rundt garden, og skjerdølane leiger ut jaktkvotar til jegerar frå ulike kantar av landet. Dei blir innlosjerte i ei fjellhytte i det flottaste landskapet Nordfjord kan by fram, og som kjentmenn hjelper gardfolket sjølve til slik at dei tilreisande skal vere nokolunde sikre på fangst.

Vidare feller skjerdølane ein god del dyr sjølve, og ikkje treng dei gå så langt etter bytet heller. Fru Evelyn har jamvel skote tre dyr frå soveromsglaset sitt.

Dramatikk
Men dramatisk kan livet for folket i Skjerdal også vere. I løpet av siste året har dei to gonger vore isolerte av fjordisen i meir enn ei veke, under ein av dei siste mjølketransportane gjekk båten ned, men mannskapet berga seg, og under ein flaum sist haust måtte eine bustadhuset evakuerast, medan elva reiste med både bruer og mykje av den oppdyrka jorda. Det er endå godt karane kan få avreagere med å kappri på kvar sin arabar.

Dokumentarserie fra NRK Møre og Romsdal
Programansvarleg: Oddgeir Bruaset, 976 98 130
Kontaktperson Programinformasjon: Hans T. Wiig, 23 04 72 36/95 70 11 47, TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900 info@nrk.no


LENKER
  • Hjemmeside