Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 20. september 2009 kl 09.30 Språkteigen

Kven vinn dialektkampen?

Kva for ein dialekt 'vinn' når ein dialekt møter ein annan? Og kvifor byter nokon dialekt når dei flyttar medan andre ikkje gjer det?

Desse spørsmåla har forskarar og sjetteklassingar i Bergen kasta seg over. I Språkteigen møter du stipendiat Ann-Kristin Molde ved UiB, og elevar frå klasse 6B ved Slettebakken skole.

To lyttarar har kjøpt ei tomt i skogen, og vurderer å døype sin nye heim Sellanrå. Men kva betyr stadnavnet frå Markens Grøde? Navnegranskar Inge Særheim tolkar Knut Hamsun!

Veit du kvar utropsteiknet kjem frå? Kvar trur du behovet for å rope ut òg på papiret dukka opp? Skriftgranskar Åslaug Ommundsen gir deg svaret i Språkteigen.