Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 8. august 2010 kl 19.45 Norsk attraksjon

På djupt vann

Linda Eide er den einaste besøkande ved superstjerna si grav.(Foto: Kristin Helgeland Hauge, NRK)
Linda Eide er den einaste besøkande ved superstjerna si grav.(Foto: Kristin Helgeland Hauge, NRK)
Verdas største filmkjendis er stjerne i eit program som bokstaveleg talt tek pusten frå deg. For sju år sidan kasta han glans over Taknesbukta i Halsa, før han gjekk ei ublid skjebne i møte. Tungvektaren fekk minnerøys og eigen parkeringsplass, men er han i ferd med å bli gløymt?

Superstjerna me snakkar om, er Keiko – spekkhoggaren som sjarmerte ei hel verd. Men etter at skiltet som viser veg til Keiko si grav blei kjørd ned av snøplogen, blei det aldri satt opp att. Programleiar Linda Eide tek saken i egne hender som den einaste besøkande ved superstjerna si grav!

Uoppdragen dame
På Hvaler er Linda Eide også på djupt vatn. Der møter ho ei uoppdragen dame, som gjekk i skjul etter ei fatal sjøsetting. No er ho Nord-Europas minst besøkte turistattraksjon, men blinkar lurt til dei som tek turen innom.

Med beina på landjorda att, set programleiaren livet på spel i Noregs mest berømte kryss og testar korleis urbanisten Erling Fossen taklar livet på landet. Kan by og land å gå hand i hand?

I Tisleidalen i Nord-Aurdal møter vi eit ektepar på sopptur, som får meir enn berre kantarell i korga. Spektakulær er også sensasjonen som skjuler seg i eit sandtak i Misvær. "Norsk attraksjon" arrangerer basar for å gje sensasjonen den merksemda den fortener, men da spørs det om Linda Eide verkeleg berre har edle motiv.

Om serien
"Norsk attraksjon" er tilbake med fleire attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka. Med Linda Eide som guide og reiseleiar legger vi ut på ei reise i hyggeleg norsk galskap – til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar programleiar Linda Eide opp ved det andre dreg forbi.

Sendt tidligere.

Egenprodusert underholdningsserie (2009)
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Silje Marie Lien, 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900