Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 fredag 18. juli 2008 kl 19.30 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Jenta i Fossdal

Anita Martinsen har mange gode leikekameratar blant dyra på fjellgarden Fossdal. (Foto: Rune Hansen)
Anita Martinsen har mange gode leikekameratar blant dyra på fjellgarden Fossdal. (Foto: Rune Hansen)
Ho har ingen born å leike med. Men alle dyra ho har rundt seg, er gode leikekameratar. Saman med foreldra sine lever 12 år gamle Anita Martinsen på fjellgarden Fossdal på grensa mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

15 kilometer er det til skulen på Vinjeøra, der dei fleste klassekameratane held til, og dermed blir det langt mellom kvar gong ho kan dra til venninnene sine eller få besøk frå bygda.

Men i fjøset har ho både tobeinte og firbeinte ho finn glede i å vere saman med. Ho har fleire hundre fjørkre av ymse slag kaklande rundt seg, og ho har geiter og kje ho dresserer. Nokre minigrisar vraltar rundt i tunet, kaninar hoppar lystig omkring, ho har hest og sau.

Ein fargesprakande fasan kan ho føre lange samtalar med, og når ho skal på sykkeltur, har ho gjerne ein hane vaglande på styret. Ho har endå til vore på fjelltur med nokre av hønene. Dei må no få sjå seg om i verda, dei òg, meiner Anita.

Ved sida av leike med dyra diktar ho i hop forteljingar om dei. For Anita skal bli forfattar. Sist sommar gjekk ho endå til på forfattarkurs, i lag med godt vaksne menneske. Dessutan skal ho bli dyrlege og bonde i Fossdal. Planane er klare.

Traktoren
Garden hennar er spesiell. Fram til 1930-talet var ikkje staden anna enn ei seter, men dei som skulle bli besteforeldra til Anita, mangla noko å leve av, og så fekk dei slå seg ned på stølen til garden som bestemora kom frå. Der gjekk dei i gang med å bryte jord og byggje hus. Det vart eit liv i slit, i sparsemd og nøysemd.

Stor var dagen då krøterstigen var såpass utbetra at ein traktor kunne fraktast til gards. Men etter få år skulle den same traktoren også komme til å spreie sorg og smerte. Den eldste av dei to borna som nyrydningsfolket i Fossdal fekk, miste livet i ei ulykke med traktoren. Dermed vart det den yngste, far til Anita, som tok over garden, og framleis er det han som står for drifta.

Kortare og lettare
Kvar morgon køyrer han Anita til skulen, og kvar kveld hentar han henne, så sant vegen er farande. Når snøen laver ned og det ryk og fyk rundt husnovene, kan vegen vere stengd av meterdjupe fonner, og skal ein då komme seg til skulen, er det å finne fram skuteren.

Ved siste årsskiftet gjekk folket i Fossdal forresten over frå å vere nordmøringar til å bli trønderar. Etter fleire års kamp om å få flytt fylkesgrensa, gav styresmaktene omsider etter. Bakgrunnen for ønsket var å gjere vegen til postkontoret og kommuneadministrasjonen kortare og å gjere det lettare for Anita få gå på ein vidaregåande skule i nærområdet. Tidlegare hadde vegen til postkontoret i Rindal vore ti mil lang. Ein tur på tjue mil for eit ærend på eit offentleg kontor syntest folket i Fossdal var i meste laget, sjølv om dei har vore vel vande med lange avstandar.

Dokumentarserie fra NRK Møre og Romsdal
Programansvarleg: Oddgeir Bruaset, 976 98 130
Kontaktperson Programinformasjon: Hans T. Wiig, 23 04 72 36/95 70 11 47, TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900 info@nrk.no