Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 27. desember 2008 kl 23.25 Nattkino: Ein dag utan krig

Forbrøring ved vestfronten

Ein dag utan krig: Løytnantane Gordon (Alex Ferns), Horstmayer (Daniel Brühl) og Audebert (Guillaume Canet) frå Skottland, Tyskland og Frankrike, blir samde om å leggje ned våpna julekvelden 1914. (Foto: Nord-Ouest Productions)
Ein dag utan krig: Løytnantane Gordon (Alex Ferns), Horstmayer (Daniel Brühl) og Audebert (Guillaume Canet) frå Skottland, Tyskland og Frankrike, blir samde om å leggje ned våpna julekvelden 1914. (Foto: Nord-Ouest Productions)
Julaftan 1914 kryp stridande soldatar opp frå skyttargravene. I ingenmannsland feirar tyske, skotske og franske soldatar jul i lag, før dei igjen går ned i skyttargravene og skyt kvarandre i filler.

Den blodigaste krigen verda til då hadde sett, er i gang. Ved vestfronten i Frankrike har tre løytnantar frå Tyskland, Skottland og Frankrike eit uformelt møte. Dei blir samde om å la våpna liggje julekvelden.

Under den spontane og høgst uautoriserte våpenkvila feirar soldatar frå dei tre landa jul i lag, vel vitande om at overordna lenger oppe i systemet vil straffe dei for dette.

Den franske filmen "Ein dag utan krig" skildrar møtet mellom fiendar, og konsekvensane soldatane må lide på grunn av denne eine dagen med fred.

Fransk drama (2005)
Originaltittel: Joyeux Nöel
Produsert av: Nord-Ouest Productions
Med blant andre Diane Kruger (Anna Sorensen), Benno Fürmann (Nikolaus Sprink), Guillaume Canet (løytnant Audebert), Alex Ferns (løytnant Gordon) og Daniel Brühl (løytnant Horstmayer).
Kontaktperson: Hans T. Wiig, tlf 23 04 96 23
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900 info@nrk.no