Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 6. desember 2009 kl 22.05 Med klima øvst på trona

Tronarvingane til Grønland

Dei tre tronarvingane på Grønland – kronprinsesse Victoria, kronprins Haakon og kronprins Fredrik. (Foto: Veronica Melå, Det kongelige hoff)
Dei tre tronarvingane på Grønland – kronprinsesse Victoria, kronprins Haakon og kronprins Fredrik. (Foto: Veronica Melå, Det kongelige hoff)
For fyrste gong har tre komande monarkar valt ei felles sak å fronte. Dei valde klima og arktis. NRK sitt team var med då tronfølgjarane i Noreg, Sverige og Danmark møtte våren på Grønland.

Dei såg den enorme grønlandsisen smelte, dei møtte folk som må endre sitt levesett på grunn av klimaendringane og dei såg forskarar i arbeid med å finne svar på kvifor klimaet i verda er i endring.

Eit usminka møte
Den første felles klimareisa til tronfølgjarane gjekk til Svalbard i juni 2008. I fem dagar fekk dei undervisning frå klimaekspertar. Gjennom reisene i arktis er dei tre kongelege rusta til å uttale seg i klimasaker. Dei tre har inga makt på klimatoppmøtet i København, men dei brukar sin kongelege posisjon til å få merksemd om det dei kallar ei av dei viktigaste sakene i vår tid.

Eit halvt år før klimatoppmøtet reiste dei tre skandinaviske tronarvingane igjen for å få auka merksemd om klimaspørsmål. Denne gongen gjekk turen til Grønland. Vi vart med og fekk eit usminka møte med tre komande monarkar som opplever dramatiske møte med naturen, menneskelege dilemma og privat sakn.

Produsert av NRK Nyheter i samarbeid med ScanpixNTB
Regi: Kristi Marie Skrede og Henrik Myhr Nielsen
Foto: Henrik Myhr Nielsen og Heidi Røsok-Dahl
Pressekontakt: Pressekontakt: Silje Marie Lien, 975 25 287/23 04 41 04
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900