NRK1 lørdag 10. november 2007 kl 22.35 Norsk attraksjon
Noregs våtaste attraksjon
![]() Linda Eide fekk føle regnet i Gulen på kroppen. |
Vi er kome til vegs ende i "Norsk attraksjon", Linda Eide si populære reise i hyggeleg norsk galskap. I kveld skal vi til Brekke i Gulen, eit klårt førsteval for alle som synest det blir for mykje sol og tørt vêr. Brekke er nemleg den desidert våtaste plassen i Noreg.
På kysten av Vestlandet regner det mykje, og aller mest i den vesle kommunen Gulen ytst i Sognefjorden. På stasjonen Brekke blei det sett nedbørsrekord to år på rad, i 1989 og 1990. I løpet av 1990 blei det målt 5596 mm nedbør og den rekorden står framleis. Du trur det ikkje før du har følt det på kroppen - våtare blir det ikkje!
Kort ferjetur
Er du vant til å ta ein kopp kaffi på ferja? På Svelviksferja rekk du knapt å opne termosen før du er over på andre sida. Over Svelviksundet, der Drammensfjorden er på sitt smalaste, går Noregs kortaste bilferjetur. Frå Svelvik i Vestfold til Verket i Buskerud er det cirka 180 meter.
Om bord på Svelviksferja møtar vi matros og billettør Odd Mathisen. Han har reist fleire gonger fram og tilbake over sundet enn nokon annan. Med den korte distansen blir det nokre turar i løpet av ein dag. For ikkje å snakke om i løpet av eit år. Eller ein heil karriere.
Medaljebygda
Vi skal dessutan til bygda med flest medaljar i verda. Inga
bygd har fostra fleire medaljevinnarar i internasjonale meisterskap enn Voss.
I tillegg skal vi til Manndalen i Kåfjord i Troms. Herfrå får du historia bak det vesle huset med det store namnet: "Sjit helvedes kåken".
Om serien
"Norsk attraksjon" viser deg reisemåla du garantert ikkje finn i guideboka. Åtte laurdagar blir vi med Linda Eide til ukjende plassar som er verd å leggje merke til.
Linda Eide stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller plassar du ikkje visste var ein attraksjon.
Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I fjor fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for nynorskjournalistar.
Underhaldingsprogram (2007)
Program 8 av 8
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar: Gunn Aasen, 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice , tlf: 815 65 900

![]() Sjit helvedes kåken. |

LENKER |
|