Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 21. januar 2012 kl 20.55 Norsk attraksjon

Utanfor den vanlege turistløypa


I kveldens program finn Linda Eide fram til den fyrste jordbæråkern i landet, og veltar seg i luksusbæra i det som no er blitt Jordbærbygda. I Øyer kommune er det OL-ikon som står i fare for å bli borte.

Den storslåtte fakkelmannen på Hafjell har framleis fakkelen høgt heva, men uforskamma mykje hår under armane. Dessutan er han truga av tømmerhogst og barkebiller. Men "Norsk attraksjon" tenner både eld og folk for fakkelmannen, og ein redningskassett er på veg!

Frank Aarebrot er eit levande ikon som ikkje er truga av noko som helst, og endeleg har også "Norsk attraksjon" ein god grunn til å oppsøka Noregs mest siterte mann. For denne mannen kan forklare oss kvifor det står ein stein i Levanger til minne om norske myrmenn, og kva var eigentleg ein myrmann?

Det blir også kommunevåpen spesial! Er det eigentleg det rette motivet som prydar norske kommunevåpen? Norsk attraksjon tek saka og lagar folkerøyysting om nytt kommunevåpen på Voss.

Om serien
Norsk attraksjon trakkar utanfor den vanlege turistløypa og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte program guidar Linda Eide oss til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi.

Bli med på ei reise inn i eit Noreg som ingen har bede deg om å hugse, men som du aldri kjem til å gløyma. Det blir kuldesjokk i Karasjok, Leif Ove Andsnes på ustemt flygel, ei heftigare brudeferd enn den i Hardanger, nærkontakt med ville dyr og mykje meir i denne tredje sesongen av suksesserien "Norsk attraksjon".

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Irene. Elisabeth Rossland, tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no, tlf: 815 65 900