Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 10. januar 2010 kl 09.30 Språkteigen

Dynamittgubben Bjørnson

- Bjørnstjerne Bjørnson var som ein dose nitroglyserin!
Slik skildra Jonas Lie Bjørnson sin entré i avissidene.
- Han innførte haugevis med norske ord i det danske bokspråket, og ikkje minst innførte han ein heilt ny syntaks! Det seier biograf Edvard Hoem, som gjestar sendinga 10. januar i Bjørnsonåret 2010.
Bjørnson lever framleis, i det norske språket og i språkstriden.

Kan språkstriden og våre to skriftspråk ha ført til at nordmenn er meir opptekne av og meir bevisste på språk enn andre folk?
Tore Janson, pensjonert professor ved universitetet i Gøteborg, blir både fascinert og forvirra av den norske språksituasjonen.
- Det er unikt å ha to skriftspråknormer. Eitt språk, ein stat og to skriftnormer, det er spesielt!

Når er straks? Kor snart er snart? Og kjem straks før snart? Umoglege spørsmål å svare på kanskje, men når lyttarane spør, gjer Sylfest Lomheim sitt beste for å svare.