Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 15. desember 2011 kl 20.15 Solgt!

På chartertur


Kva kostar eit hus i Spania med privat diskotek i kjellaren? Bustadmarknaden i Spania har nærast kollaps. Likevel er Spania nordmenn sin feriefavoritt og eit av dei stadane i utlandet vi nordmenn handlar mest. Det blir heilbom når Solgt! tar med to lag med meklarar til Gran Canaria.

-Det er veldig mange nordmenn som kjøper seg leilegheit i utlandet og Spania er det landet nordmenn er mest glad i. Dessutan er det mogeleg å gjere gode kjøp om dagen på grunn av den økonomiske situasjonen i landet . Men krisa er nok ikkje så ille her på Gran Canaria som på fastlandet, seier programleiaren Frode Søreide i Solgt! Han lovar både sol, sommar og sydenluksus frå Kanariøyane.

Toppleilegheit og luksus
Og det blir tøffe utfordringar for meklarane. På menyen står ein toppleilegheit i eksklusive Anfi del Mar som er bygd opp av den norske forretningsmannen Bjørn Lyng. Leilegheit i eit av dei mest norske områda Puerto Rico. I tillegg eit hus på over 700 kvadratmeter som har privat diskotek i kjellaren.

Privat nattklubb
-Dette er jo heilt vilt. Eigen nattklubb i kjellaren. Det har eg aldri sett før. Kva kan noko sånn vere verdt, undrar meklarane Mariann Thomassen og Kjetil Lossius frå Plussmegleren i Kristiansand. Dei to meklarane konkurrerar mot DnB Einedom frå Lillehammer og meklarane Terje Hauan og Rachel Merete Hovde.

Rekordbom
-Det er alltid ei utfordring å kome til eitt nytt område å tippe pris. Ekstra utfordrande blir det når vi reiser til eit framande land. Det vil vi nok også sjå på resultatet. Faktisk får vi den største bommen vi har hatt nokon sinne i Solgt!, røpar programleiar Frode Søreide.
Han legg til at den gamle rekorden er på 12 millionar – og den blir kraftig forstørra i programmet frå Gran Canaria.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".

Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar.

Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontor, FBI og ved 17-mai-sendinga.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no, tlf: 815 65 900