Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P1 søndag 4. mai 2008 kl 11.03 Gudstjeneste frå Valestrand kyrkje, Hordaland

Radiogudstenesta

Valestrand kyrkje (foto: Edvin Reiersen for NRK).
Valestrand kyrkje (foto: Edvin Reiersen for NRK).
Gudsteneste frå Valestrand kyrkje, Hordaland.
Preike Farten Valen-Senstad.
Liturg Arild Steinsland
Kantor Ole Jørgen Furdal.

Norsk salmebok: 234 (S-97). 537. 923. 202.

Nordic Voices - dir. Frank Havrøy.
Sveio barnekor - dir. Ingrid P. Furdal.

Sangsolister i Nordic Voices: Tone Bråten og Ebba Rydh.

Gudsteneste frå Valestrand kyrkje 4. mai 2008

Årleg festival
Den årlege Valenfestivalen blir avvikla i tida 20.-27. april 2008. Det er ein kammermusikkfestival i Haugesund og Sveio.

Preika på avslutningsdagen er ved Fartein Valen-Senstad og blir sendt i NRK P1 søndag 4. mai.

Valen-Senstad var med i utvalet som greidde ut spørsmålet om biobanker, som blant anna konkluderte med at materialet i biobankane er ein del av eit individ og at det derfor blir omfatta av respekten for menneskeverdet.

Om kyrkja
Kyrkja i soknet er nemnd første gong i 1567, den gongen var det ei stavkyrkje. I 1707 kom ei ny kyrkje på same staden (Valen) som den gamle. Byggmeistrar var Johannes Raknes og Ole Birkeland.

Kyrkja vart riven i 1873 da det kom ei ny kyrkje i soknet bygd i i tre.

Ho er ei langkyrkje og har plass til 480 besøkjande.

Altartavla har eit motiv frå forteljinga i Matteus ev. 14, 30 om den gongen Jesus og læresveinane var på sjøen og det storma. Det er Peter som ropar: "Herre, frels meg!", og han får halde Jesus i handa.

Det finst ei kyrkjeklokke frå 1810 støypt av Henrjch Grøtchl. J Bergen.

Orgelet er berre 18 år gammalt og er bygd i Utrecht i Nederland i 1986.

Om komponisten
Komponisten Fartein Valen var frå bygda, og kvart år er det Valendagar på Haugalandet.

Heimen til komponisten Fartein Valen (1887-1952) ligg i Valevåg.

Her er det ope for omvisning frå ca. 20. juni til 20. august.

I arbeidrommet står Fartein Valen sitt eige piano som mellom anna er i bruk ved dei årlege Fartein Valen-dagane.

Fartein Valen ligg gravlagt ved ei av dei andre kyrkjene i prestegjeldet, Valen kapell.

Opplysningane er henta frå ulike kjelder, m. a. Norsk kyrkjeleksikon og heimesidene til Valendagane.


LENKER
  • Gudsteneste frå Valestrand kyrkje 4. mai 2008