Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 11. juli 2010 kl 19.45 Norsk attraksjon

Sensasjonelle avsløringar

Suvenirboda til programleiar Linda Eide og astrofysikar Oddgeir Kristiansen står der polarsirkelen eigentleg er, berre så synd at kundane ikkje har fått med seg kor det er. (Foto: Kristin Helgeland Hauge, NRK)
Suvenirboda til programleiar Linda Eide og astrofysikar Oddgeir Kristiansen står der polarsirkelen eigentleg er, berre så synd at kundane ikkje har fått med seg kor det er. (Foto: Kristin Helgeland Hauge, NRK)
I "Norsk attraksjon" i kveld kjem det spektakulære avsløringar om polarsirkelen. Årleg blir nemleg hundretusenvis av turistar lurt av polarsirkelbedrageriet. Men ta det med ro – programleiar Linda Eide er på saka!

I dette tredje programmet finn Linda ut sanninga om kor polarsirkelen verkeleg ligg - enn så lenge. Ho sett opp ein suvenirbod saman med astrofysikar Oddgeir Kristiansen der polarsirkelen eigentleg er. Berre så synd at kundane ikkje har fått med seg kor det er!

Frå selbuvott til "Pus"
Nord-Europas mest berømte vott kjem som dei fleste veit frå Selbu, og den dag i dag er det der ein finn kremen av norsk strikkeelite.

Alle kjenner Grandiosa-pizzaen, men oppfinnaren av gigantsuksessen er ukjend. Sjå staden der den norske pizzavogga sto, møt heltinna bak og bli med på velfortent kalas.

På Norsk Rettsmuseum står ei svartbrend frityrgryte og minner folk på kva som starta bybrannen i Trondheim. I aller beste folkeopplysningstradisjon demonstrerer Linda korleis en skal sløkke ein smultbrann med grilldress.

Deretter går ferda vidare til bygda med bare 200 personar, men over 999 namn. Det er ei bygd der ingen synes det er det minste rart å rope "Pus" til ein fullvaksen mann.

Om serien
"Norsk attraksjon" er tilbake med fleire attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka. Med Linda Eide som guide og reiseleiar legger vi ut på ei reise i hyggeleg norsk galskap – til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar programleiar Linda Eide opp ved det andre dreg forbi.

Programmet er sendt tidligere.

Egenprodusert underholdningsserie (2009)
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Silje Marie Lien, 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900