Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 19. desember 2013 kl 19.45 Folk: Den trygge dalen

Ei styrkeprøve


Kvart år kjempar ei gruppe sauebønder seg opp i Jotunheimen med 600 hundre sauer. Der inne har bøndene frå Fortun i Luster funne ein trygg, grøn dal der sauene har det godt.

Tidlegare hadde dei store sauetap pågrunn av jerv. Men der inne klarar dei å verne sauene mot jerven ved hjelp av ein stor gjetarhund.

Den spektakulære reisa inn er ei styrkeprøve for både dyr og folk.

Frå Turtagrø går turen over Keisarpasset på 1500 meter over havet ned til beiteområda ved Skogadalsbøen.

Turen inn går i juni medan det framleis ligg mykje snø i høgfjellet. Dei må difor gå på natta for at snøen skal vere hardast mogleg.

Marerittet er at sauene skal bli så slitne at dei ikkje orkar å gå lenger.


Programansvarleg: Terje Gilleshammer, 95709412
Redaktør i Folk: Oddbjørn Rosnes, 47815458
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no, tlf 414 28 800
TV-seere kan henvende seg til Publikumsservice, tlf: 23 04 70 00