Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 18. april 2010 kl 09.30 Språkteigen

Eg travla ned råden til ænti mi.

Då Janne Bondi Johannessen og Signe Laake reiste på skattejakt i USA, fann dei gull!
- Veit du kva travle betyr? Og kva med røvern?
Språkforskarane undersøkte korleis det står til med norsken i Midtvesten. Kan framleis norskamerikanarane gamlespråket? Og kva særtrekk har dette emigrantspråket?
I Språkteigen søndag gløttar me på loket til skattekista.

I tillegg får du høyre ein liten skatt frå NRK-arkivet, der den norskamerikanske professoren Einar Haugen gjenfortel historier på dialekt frå Midtvesten på 30-talet.

Har du bunad? Har bunadsbeltet ditt stølar? Sylfest Lomheim forklarar kva som ligg bak ordet støl.