Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 mandag 16. juni 2008 kl 20.00 Norsk attraksjon

Linda Eide på sporet igjen

Linda Eide tar deg til attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka. (NRK-foto)
Linda Eide tar deg til attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka. (NRK-foto)
Linda Eide gjorde stor suksess på laurdagar førre sesong med serien "Norsk attraksjon", ei reise i hyggeleg norsk galskap. No kjem dei åtte programma i reprise.

"Norsk attraksjon" viser deg reisemåla du garantert ikkje finn i guideboka. Linda Eide tar deg med utanom allfarveg og guidar deg til ukjende stader som er verd å leggje merke til.

Linda Eide stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller stader du ikkje visste var ein attraksjon. Det handlar om å lyfte blikket og sjå ting rundt oss på ein ny måte.

Linda, ein attraksjon i seg sjølv i den raude grilldressen, utstyrer nye attraksjonar med merket for Norsk attraksjon. Ho har nemleg med seg sitt eige skilt.

Stupbratt tunnel
I det første programmet i serien tek Linda deg med til Noregs Pisa, nemleg Ofredalstunnelen i Sogn. Akkurat som det skeive italienske tårnet, har denne tunnelen fått ei utilsikta helling.

Første salva ljoma i oktober 1989. Endeleg skulle ofredølane få veg til bygda! Og tunnel attpåtil! Men halvvegs inne i fjellet oppdaga entreprenørane at dei hadde sikta feil. Heldt dei fram i same retning, ville tunnelen kome ut altfor lågt. Dermed måtte dei justere, og det siste stykket av tunnelen vart ekstremt bratt.

Så langt har ingen skrive på skiltet kor bratt bakken faktisk er. "Norsk attraksjon" tek saka - og skiltet - i eigne hender.

Kunst på jordet
Vi blir med når Silje Eugenie Strande Øktner frå Odal set plogen på traktoren og lagar kunst som er heilt på jordet. Når du står attmed henne, er det umogleg å sjå kva ho eigentleg driv på med. Men flyg du over hovudet hennar, ser du at åkeren er eit lerret for odelsjenta.

Nisse heile året
I kveld får du òg møte verdas største nisse. Han heiter Gollis og er ni meter høg. Gjennom mange år har plastgiganten på Lyngseidet vekt begeistring, avsky og debatt. Han har svevd høgt og landa stygt. I "Norsk attraksjon" får du heile historia om Gollis.

Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I 2006 fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar.

Underhaldningsprogram
Program 1 av 8
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar: Gunn Aasen, 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900
info@nrk.no
Sendt fyrste gong 15.9.07


LENKER
  • Hjemmeside