Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P1 søndag 17. februar 2008 kl 11.03 Gudstjeneste fra Voss kyrkje, Hordaland

Radiogudstenesta

Knut A. Knudsen (foto: NRK / Hordaland).
Knut A. Knudsen (foto: NRK / Hordaland).
Gudsteneste i Voss kyrkje, Hordaland.
2. s. i faste: Luk. 7, 36-50.
Prost Knut A. Knudsen.
Kantor Lars Ragnvaldsen.

Voss og omland kantori.
Norsk salmebok: 446. 107. 59 (S-97). 109. 57 (S-97).

Lars Ragnvaldsen (foto: NRK / Helge Helgheim).
Lars Ragnvaldsen (foto: NRK / Helge Helgheim).
Det er salmane I Jesu namn me stemner fram, Den tro som Jesus favner, Dyraste Jesus, Jesus, lyft ditt ljose merke og Atterløysar, guddomsdrott.

Voss kyrkjelyd er blant dei sju kyrkjelydane som er med i "stallen" til NRK i år, og dermed blir det fire gudstenester til saman frå Vangskyrkja i år.

Vangskyrkja på Voss
Kyrkja står truleg på same grunn som det stod eit gudehov i førkristen tid. I 1277 stod steinkyrkja ferdig, og ho vart vigd til Sakt Mikael.

Kyrkja er bygd i tidleg gotisk stil - berre så vidt tilspissa - og er en av dei eldste gotiske landskyrkjene i Noreg.

Voss kyrkje, ofte kalla Vangskyrkja, står på Vossevangen i Voss kommune. Kyrkja har truleg vore hovudkyrkje og soknekyrkje for eit stort område.

Det er ikkje så mykje igjen av interiøret frå den katolske tida. Bortsett frå sjølve kyrkja er det berre steinaltaret og predellaen (foten under altertavla) som er frå tida før reformasjonen.

Glassmaleria i koret og tårnfoten fekk kyrkja så seint som i 1923, og i år 2000 fekk kyrkja eit etterlengta nytt og flott orgel.