Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 onsdag 28. august 2013 kl 20.15 Dei ustoppelege

Portrett av skaperkrafta


I dokumentarserien Dei ustoppelege møter vi seks menneske som jaktar sine draumar. Med ubøyeleg vilje, beinhardt arbeid og ofte stor økonomisk risiko.

Gjennom opp- og nedturar, vinning og tap, i basketak med små marginar. Dei ustoppelege gir seg aldri. Dei skaper arbeidsplassar og aktivitet. Dei skaper kultur. "Dei ustoppelege" er ein portrettserie som skildrar "finne-på"-menneska. Om byggjarar, gründerar, - små, men viktige aktørar i næringslivet vårt.

Dag Indrebø har fylgt kvar av desse seks gjennom eit år. Det er blitt til ein nær og varm fjernsynsserie, og ei hyllest til skaparkrafta.

Første episode:
Stine Åsland frå Sannidal i Telemark som hoppa av skulen. Det vart for keisamt. Ho kjøpte heller ein bensinstasjon og hadde 17 tilsette i ein alder av 21.

Drifta av stasjonen gjekk måteleg, bortsett frå eit forrykande vaffelsalg. Då vart ideen fødd. Stine ville skape verdas største vaffelselskap. Dermed starta kampen for Telemarksrøra.

Dokumentarserie i seks deler frå NRK Hordaland (2013)
Regi og foto: Dag Indrebø
Presseansvarlig: Irene Elisabeth Rossland, 988 20 309.
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, 815 65 900