Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 7. oktober 2008 kl 19.30 Ut i naturen: Magasin

Frå regnskog til ørken – i Noreg!

Ut i naturen: Forskar Frode Ødegaard og programleiar Monika Blikås går frå norsk regnskog ved Namsos til norsk ørken i Røros. (Foto: NRK)
Ut i naturen: Forskar Frode Ødegaard og programleiar Monika Blikås går frå norsk regnskog ved Namsos til norsk ørken i Røros. (Foto: NRK)
Landet vårt er både villare og meir eksotisk enn mange er klar over. Ut i naturen tek deg med på ei vandring frå frodig regnskog til gold ørken, via djupe juv og eksplosivt meteorittkrater.

Regnskogen vår dampar av liv og frodige former – og gøymer sjeldne vekstar som nærast er utrydda. Som den ekstremt sjeldne trønderlaven, og den karakteristiske gullprikklaven. Her likar også fuktkjære artar seg godt, som myggar og edderkoppar. I programmet får du vite kvar dei små, spredte regnskogområda i Midt-Noreg ligg.

Ørken
Dei forblåste, djupe sanddynene som formar Kvitsand på Røros dreg tankane i retning Sahara, sjølv om det regnar litt for mykje der til å kallast ekte ørken.

I dette karrige landskapet finn vi liv som trivast nede ved og i den hurtig oppvarmbare sanden, som ulike typar vepsar og biller. Programleiar Monika Blikås og forskar Frode Ødegaard dreg på insektjakt med store og små feller.

Meteorittkrater
Tenk deg smellet når ein 250 meter brei meteoritt treff jorda. Det skjedde for 600 millionar år sidan – akkurat der Hallingdal ligg i dag! Sjølv om krateret er fem kilometer langt og 500 meter djupt, er det ikkje lett å oppdage for folk flest. Men Ut i naturens Hanne Aass og geolog Elin Kalleson går for å finne steinbevis.

Juv
Og Kari Toft står bokstaveleg talt på kanten av stupet. Ho rusla i udramatisk furuskog i Østerdalen då ho plutseleg måtte gripe tak i kjentmannen Ole Nashoug. Då såg dei 180 meter rett ned i botnen av Jutulhogget.

Det er mange segner knytt til dette juvet, men den geologiske forklaringa om korleis juvet blei danna for ni tusen år sidan er minst like fantastisk som historiene om dei to jutulane som sloss om vatnet.

Eigenprodusert magasin (2008)
Kontaktpersonar: Programleiar Monika Blikås, tlf. 478 17 396
Redaktør Terje Dale, tlf. 91 53 24 30
Kontaktperson Programinformasjon: Steinar Dahl, tlf. 23 04 74 57
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900 info@nrk.no


LENKER
  • NRK Natur