Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 25. november 2007 kl 18.03 Folkemusikktimen

Nye stemmer - eldre kjelder

Hausten er den tida på året då det strøymer på med nye folkemusikkplater. Ikkje utan grunn. Novembermørkret gjer at du stundom får lyst å setje deg i ein god stol framfor peisen og høyre god musikk. Programleiar Tone Jorunn Tveito har i dag flytt studio ut av NRK-huset og framfor peisen i haustmørkret. Med seg på tråden har ho to nye platedebutantar.

Unni Boksasp frå Tingvoll på Nordmøre har denne veka slept plata si "Songar frå Havdal". Unni fortel at kjelda Magnhild Almhjell (1894-1985) er inspirasjonen hennar. – Fyrste gong eg høyrde ho vart eg mållaus. Ho hadde ein gamal tonalitet og ikkje minst song ho på dialekt frå mitt distrikt, fortel Unni Boksasp. Musikarar på produksjonen er Ånon Egeland, Hennning Sommerro, Magne Vestrum og Jorun Marie Kvernberg.

"Tørvikbygd" er ikkje lengre bare namnet på ei lita bygd i Ytre Hardanger. Frå no av er namnet også kjent som tittel på soloplata til Solbjørg Tveiten. Solbjørg har laga ei plate der ho vektlegg den seremonielle musikken frå bygda si. Olav Steffen Eide er hovudkjelda til materialet ho presenterar på plata si. Musikarar på produksjonen er Silje Hegg, Olav Tveitane og Einar Mjølsnes.

Begge platedebutantane er opptatt av kjeldene sine. Folkemusikktimen nyttar høvet til å spele eldre "gull"-opptak frå NRK-arkivet. For nokre er dette utøvarar som truleg gjev deg gode minne og inspirasjon vidare. Du høyrer "Mine Visur med Knut Askje og Eivind Groven, Prillar-Guri med Jakob Skogum og stev med Torleiv H. Bjørgum og Torbjørg Aamlid Paus.

Finn deg ein god stol framfor peisen denne kvelden…

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

Folkemusikktimen NRK P2
Søndag 25. november kl 18.03 og
mandag 26. november kl 21.03.