Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 17. desember 2013 kl 19.45 Ut i naturen: Hjort i sikte

Spanande og vakkert


NRK Sogn og Fjordane tek oss med ut på ei spanande og dramatisk hjortejakt.

Programleiar Harald Kolseth er sjølv med saman med jaktlaget på Solheim i Nordalsfjord. Han vil oppleve jegerane på kloss hald.

Etter ei veldig vekst i hjortestamma dei siste 30-40 åra, er dette blitt ein jaktressurs på størrelse med elgjakta. Det finst fleire måtar å gå fram på; drivjakt, bøjakt og snikjakt. Jakta varer i nesten 4 månadar. Denne gongen blir det haustjakt og førjulsjakt i sol og måneskinn. Og dessutan eit vanskeleg søk etter ein skada hjort.

Hjorten er veldig var og svært vanskeleg å få i skotlina, så det blir ei er krevande og gjevande utfordring. Men i Ut i naturen vert det blinkskot, bokstaveleg tala - både for jegerar og reportasjeteam! Vi får og oppleve hjortekalven sine fyrste ustøe skritt i ei utfordrande verd.

Etter jakta tar vi turen til Saudafjella, der hjortekalven og kolla går i dei bratte liene. Naturfotograf Ole Jakob Vorraa følger dei med kameralinsa.

Programansvarlig: Harald Kolseth og Ole Jakob Vorraa
Prod.leder: Bjørg Langeland
Redaktør: Terje Dale
Kontaktadresse for presse presse@nrk.no tlf 414 28 800
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 23 04 70 00