Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 4. november 2008 kl 19.30 Ut i naturen: Magasin

På to hjul gjennom Vesterålen

Ut i naturen: Monika Blikås og Frank A. Jenssen syklar Vesterålen på kryss og tvers. (Foto: Nils Arne Sæbø/NRK)
Ut i naturen: Monika Blikås og Frank A. Jenssen syklar Vesterålen på kryss og tvers. (Foto: Nils Arne Sæbø/NRK)
I magasinutgåva av "Ut i naturen" skal vi bli med på sykkeltur i eventyrlige Vesterålen rett nord for Lofoten. Her ventar naturskattar både til lands og havs.

To syklar rullar fritt i ope landskap, passerer kvite strender der sjø bryt mot land, blir følgd av vakande aure og ørner i roleg flukt. Vi skiftar gir og syg inn haustlukt, salt bris og blå himmel. Andenes neste.

I kveldens program tek den kjende radiorøysta Frank A. Jenssen frå "Naturens verden" med seg kollega og programleiar Monika Blikås til heimlege trakter.

Elvemusling
Du ser dei ikkje med det same. Plutseleg oppdagar du at dei dekkjer heile botnen på den vesle elvekulpen. I opptil 200 år – tenk det – har dei lege der og åla seg rundt på leit etter mat. Elvemuslingen er så sjeldan i Europa at den er totalfreda, men i Nord-Noreg lever den godt.

Ikkje langt unna finn vi også andre "oldisar". Furutre på opptil 700 år er blant dei desidert eldste i landet.

Spermkval
Vel framme i Andenes hoppar vi om bord på ei kvalsafariskute og legg til havs. Hydrofonar under båten fangar opp lydar frå spermkvalar i området. Kvalsignala aukar på.

Opp frå djupet kjem kolossane – først ser vi blåsten framme ved hovudet, så kroppen. Majestetisk duvande i bølgjene, roleg pustande - før dei dykkar etter mat igjen, eit par tusen meter lenger ned!

Galler
Om du skal overleve den norske vinteren, må du enten ha varme klede eller ein god bustad. Slik er det med dyra også. Om Kari Toft og Arild Hagen kjem heilskinna gjennom eit tett tornekratt i Østfold, kan dei vise fram ein liten festning av ein vinterbustad. Det er den imponerande overvintringsstaden til rosegallevepsen dei leitar etter.

Flaggermus
I Nittedal i Akershus ligg Noregs einaste mottak for flaggermus som har kome litt skeivt ut i livet. Her får dei utryddingstruga dyra omhyggeleg omsorg før dei til slutt blir sleppte ut att.

Eigenprodusert magasin (2008)
Programleiar Monika Blikås, tlf. 478 17 396
Innslag: Hanne C. Aass
Redaktør Terje Dale, tlf. 915 32 430
Programinformasjon: Helene Amlie, 23 04 77 51 / 951 00 299
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900 info@nrk.no


LENKER
  • Les meir