Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK2 tirsdag 21. november 2006 kl 22.30 Usett: Radio Røynda

Ekstremsport og Ivar Aasen

Dansebandet Finn-Erix med gjestevokalist Morten Abel (foto: Bjørg I. Langeland/NRK)
Dansebandet Finn-Erix med gjestevokalist Morten Abel (foto: Bjørg I. Langeland/NRK)
Radio Røynda viser storsinn og tar eit blikk på Austlandet. Det blir eit "Slik lever dei der"-program med Jonas Fjeld som guide.

Dansebandet spelar for basehopparane under "Ekstremsportveka", og Morten Abel er med på kaia og Radio Røynda hentar fram underbuksa til Ivar Aasen.

Om serien
"Usett" er NRKs flate for ny og eksperimentell humor og underhaldning. Her er det rom for nye talent, nye prosjekt, lause idear og originale innfall. I "Usett" i haust blir det nye fjes og velkjende fjes i nye rollar.

Trioen i Radio Røynda har i lengre tid servert humoristiske drypp frå den nynorske røyndomen. Det er på tide med litt feltarbeid. Oppdraget er viktig: I fire program skal dei jakte på intelligent liv "på baksida av vestlandet". Det er godt håp om å lykkast.

Det er dansebandet Finn-Erix som har fått det ærefulle oppdraget. Sentrale arbeidsverktøy er populærmusikk og gode gjester. Finn-Erix består av Halvor Folgerø på fagott, Odd-Erik Lothe på stueorgel (med rytmeboks) og Finn Tokvam syng (tenor).

Eigenprodusert underhaldningsserie frå NRK Hordaland (2006)
Programleiarar: Halvor Folgerø, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam
Prosjektleiar: Ole Egil Størkson
Produksjonsleiar: Bjørg I. Langeland
Pressekontakt: Erik Bull , tlf 99599760
TV-sjåarar bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900 info@nrk.no