Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 1. april 2008 kl 19.30 Ut i naturen: Magasin

Atlanterhavsparkens Taremare by

Monika Blikås dykkar saman med Atlanterhavsparkens Einar Wiik i Ålesund. (Foto: Per Jarle Heggdalsvik, NRK)
Monika Blikås dykkar saman med Atlanterhavsparkens Einar Wiik i Ålesund. (Foto: Per Jarle Heggdalsvik, NRK)
Monika Blikås og dei andre i redaksjonen helsar på hos steinbit og kveite i Ålesund i kveld. Programmet skal også handle om fiskestimar og sansane til ugla.

-Vi sjekkar fiskens sansar i kveldens program! varslar programleiar Monika Blikås der ho
ligg på seks meters djup med luftflaske på ryggen og pustar tungt. Opp frå djupet kjem brått ein isblå steinbit smygande med kjeften open og kursen beint imot. Såg den programleiaren nede frå steinura? Luktar ho mat? Stryk den opp langs beina hennar fordi den frys?

Det var ein noko nervøs Monika Blikås som dykka ned til steinbitar, kveiter og lurande havål i Atlanterhavsparken i Ålesund. Der kjem vi så tett innpå fiskane at vi får oppleve korleis dei sansar livet rundt seg. Har du til dømes lurt på om dei pratar med kvarandre? Eller kva sansar dei brukar for å finne mat, og korleis desse sansane fungerer? Vi matar nærgåande storfiskar i søket etter svar…

Samspel i stim
Store fiskestimar er eit fascinerande syn, rørslene ser så grasiøse og samstemte ut. Men kvifor kolliderer dei ikkje når dei sym så tett i stim? Kva sansar brukar dei for å unngå det? Og kva er poenget med å symje i stim i det heile tatt?

Ut i naturen tok turen ned i vintersjøen utanfor Bergen for å leite etter fiskestimar i det fri… og vart fort isande kalde. Kvifor frys ikkje fiskane, slik som vi? Korleis klarar dei seg i iskald sjø?

Høgutvikla sansar
Uglas spesialtilpassa sansar gjer den til ein svært dyktig nattjeger, spesielt gjeld det synet og hørselen. Hanne Aass blir med ugleekspert Roar Solheim ut i natta for å demonstrere uglas unike sansar.

Ein annan skogsinnbyggjar, beveren, er ein meister i husbygging. Ein beverfamilie på Gjøvik har derimot flytta inn i eit ferdighus! Midt i eit sementrør har familien levd og yngla i fleire år, og Kari Toft har vore på heimebesøk.

Program fra Naturredaksjonen, NRK Hordaland
Programleder: Monika Blikås, tlf 478 17 396 monika.blikas@nrk.no
Redaktør: Terje Dale, tlf: 91 53 24 30 terje.dale@nrk.no
Kontaktperson Programinformasjon: Steinar Dahl tlf 23 04 74 57
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900info@nrk.no