Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 29. september 2011 kl 20.15 Solgt!

Hytte i Sverige?


Solgt har reist til Sverige for å ta temperaturen på fritidshus. For det er ikkje berre billig kjøt og sprit som lokkar nordmenn over grensa – det er også mogeleg å gjere eit hyttekupp.

Vel ein og ein halv time med køyring frå hovudstaden ligg Strømstad kommune som er ein av dei mest populære grensekommunane til Norge. Over 50 prosent av fritidshusa her er kjøpt av nordmenn.

Drar opp prisen
-Nordmenn har nok vore med å dra opp prisen i område. Prisnivået er under Sørlandsnivå, men kan måle seg med populære kystområde i Østfold. Men det er viktig å hugse at det er billigare å leve i Sverige. Trekk du derimot litt unna dei mest populære sjøområda kan du derimot gjere eit hyttekupp, fortel programleiar Frode Søreide i Solgt!

Heftig prisdiskusjon
Dei store variasjonane frå område til område blir også tema i Solgt!. Første objekt er ei vakker hytte i strandsona – like utanfor Strømstad sentrum. Men kor mykje betyr det at hytta berre har utedusj? Kontrastane blir ikkje mindre når ein i neste objekt flyttar seg inn i den svenske skogen – ti kilometer frå den svært populære feriestaden Fjällbacka. Her brygger det opp til heftig prisdiskusjon intern i eit av laga. Finaleobjektet finn vi i idylliske Hamburgsund. Her skal vi tippe pris på eit splittert nytt hus – der du bokstavleg talt kan hoppe rett i sjøen frå bryggekanten din.

Nyttige tips
Det er ikkje dei veldig store skilnadane på å handle eigedom i Sverige og Norge, men det gjeld å vere godt orientert på førehand.

-Største skilnaden er nok at bud ikkje er bindande i Sverige. Først når kontrakten er signert kan du vere sikker på at hytta er di, fortel Solgt!-programleiar Frode Søreide. Han lovar fleire nyttige tips i Solgt! sin spesialepisode frå den svenske solkysten.

Stord mot Ålesund
Til å tippe pris i Sverige har vi henta inn meklarar frå Vestlandet. Frå Notar i Ålesund møter Per Elling Sylte og Bjørnar Hoel. Dei skal konkurrere mot Bente Faksnes og Gudny Eldøy Kydland.

-Så spennande å komme til Sverige. Her veit vi lite om bustadprisar, men det skal vere mulig å tippe seg fram og ikkje bomme med meir enn to millionar, slår dei fire meklarane fast.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".
Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar og ein marknadsandel på mellom 40 og 50 prosent.

Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobbet over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontorer, FBI og ved 17-mai.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, Tlf 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900