Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 10. august 2008 kl 18.03 Folkemusikktimen

Nordafjells i Moskva

Nordafjells på scena. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
Nordafjells på scena. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
– Noko av det største me har opplevd på scena, seier Øyvind Sandum i det dei går sveitte backstage. I Folkemusikktimen høyrer du korleis det gjekk når NORDAFJELLS møter publikum i Moskva under EBUs Internasjonale Folkemusikkfestival som vart avslutta forrige veke. For dei fem norske gutane viser opphaldet seg å bli eit heftig møte… Den dagen Nordafjells er på scena, er 7000 menneskje ute i parken med Eurofolks gigantiske scene. Nordafjells får igjen vise at dei klarer å hekte publikum på kroken. På siste songen reiser publikum seg for å danse. Tysk radio vil kringkaste kvart minutt og dei andre radiostasjonane meiner Norge har hatt stor suksess med Nordafjells.

NRKs Folkemusikkfinale
I april var Nordafjells blant dei siste fire finalistane i NRKs Folkemusikkfinale. Finala var i Studio 19, NRK Marienlyst. Juryen Berit Opheim, Carl-Petter Opsahl og Sigbjørn Nedland vurderte kven av dei fire finalistane som skulle gå vidare til Russland. Juryen var einige og uttalte: - Vinnaren kombinarar tradisjon med nyskaping. Rustikk, klang og rytmisk puls blir kombinert med ein nydeleg tone og utrykksfullhet i spelet. Rik på detaljar. Ein levande kommunikasjon seg i mellom som smeltar saman til eitt uttrykk ut til publikum. Me merkar at gruppa har spelt i hop ganske lenge, uttalte juryformann Berit Opheim. Fem gutar jubla i takt med applausen som den fullsatte salen med publikum gav. Premien var på 15.000 kroner + reise og opphald i Russland + spele 1 times live konsert på EBU sin Internasjonale Folkemusikkfestival i Moskva 25.-27. juli. For konserten kan nå ut til nærare 650 millionar radiolyttarar i Europa.

Nordafjells
Tradisjon og eksperimentering. Folkemusikk og gamaldans. Nordafjells har spelt saman i nesten 10 år. Felespelar Andreas Bjørkås komponerar mesteparten av musikken dei framfører. No er dei i gang med sin andre cd. Sterke solistar med tradisjonsområde Oppdal og Vågå. Andreas Bjørkås (fele), Øyvind Sandum (trekkspel/torader), Even Røhjell (trekkspel) Knut Sneve (kontrabass), Gaute Iversen (gitar).
Les meir: www.nordafjells.com . Kontaktperson Even Røhjell tlf: 97 09 33 59.


Om du har lyst å høyre programmet igjen, klikk deg inn på: www.nrk.no/folkemusikktimen og så velger du sendedato 10.august. Tips/ kommentarar/ spørsmål, send mail til: folkemusikk@nrk.no

Pogramleiar: Tone Jorunn Tveito.

Folkemusikktimen NRK P2
Sundag 10. august kl. 18.03.
Gjenhør måndag 11. august kl. 21.03.