Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 6. september 2009 kl 09.30 Språkteigen

JA! på innpust - ikkje typisk norsk!

Her heime gjer me det utan å tenkje oss om, men seier du ja! eller nei! på innpust i Italia haustar du bekymra blikk. Kvifor gispar du? spør dei. Skvatt du?
Typisk norsk, svarar du kanskje. Typisk svensk, seier söta bror. Tvert imot, pulmonisk ingressiv tale er eit globalt fenomen, seier språkteknolog Robert Eklund.

Korleis er det å lære seg norsk som andrespråk om hverken verb eller substantiv blir bøygde i morsmålet ditt? Og tek lærarane omsyn til dette når dei lærer innvandrar norsk?
I prosjektet Askeladden ved Universitetet i Bergen undersøkjer forskarar korleis morsmålet virkar inn på læreprosessen. I Språkteigen 6. september møter du prosjektleiar Kari Tenfjord.

Har du tenkt på at alle fingrane utanom tommelen har beskrivande navn? Sylfest Lomheim ser nærare på navnet til den nyttige vesle karen.