Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 9. mars 2008 kl 18.03 Folkemusikktimen

Stevgalen

Birgit Rike Lund. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
Birgit Rike Lund. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
- Å kvede stev, er det gildaste eg veit, seier 82-åringen Birgit Rike Lund frå Valle i Setesdal. Birgit har hatt songen med seg frå ho var lita jente. Songen var ein del av dagleglivet hennar. Frå ho var lita var ho med på støylen og gjætte inne i Setesdalsheiane aust. Då var huvinga, lokken og steva noko ho tok med seg. Etterkvart var ho aleine som ung budeie der inne med naturen, dyra og alle pliktene som høyrer støylslivet til. Då ho var 27 år, flytte ho med mannen sin Jon til Vanse nede på flatlandet Lista. Men på dei 55 åra der nede, har det blitt mange bilturar med song oppover vegen mot Valle.

Birgit kved inn mykje av repertoaret sitt for Folkemusikktimen og spennvidda er stor. Stev, bånesullar, lokk, viser og religiøse folketonar. Likevel er det ikkje vanskeleg å oppdage at mykje av innhaldet er stev om natur. – Her finnast eit stev om alt, synest Birgit. Kven kvedar er ikkje einig i dette?

Birgit har vore og er tradisjonskjelde og læremeistar for mange. Studentar på Ole Bull Akademiet har også vore ivrige etter å lære kveding av Birgit. Medan andre folk vil lære veving, sauming eller tradisjonsmat. Birgit er ei levande tradisjonskjelde som er opptatt av kulturen i Setesdal og å vidareføre dei. Men neida om ho er 82 år gamal, kjenner ho seg ikkje gamal. Ho er ein optimist, levande og gla’ i livet.

Nært og spennande kvedarportrett som startar i bilen… for Birgit syng allstødt!

Tips/kommentarar til Folkemusikkredaksjonen kan sendast på mail: folkemusikk@nrk.no

Du kan også høyre Folkemusikktimen på www.nrk.no/folkemusikktimen

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

Folkemusikktimen NRK P2
Sundag 9. mars kl. 18.03.
Reprise måndag 10. mars kl. 21.03.