Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 13. desember 2009 kl 09.30 Språkteigen

Kva heiter framtida?

Kva skal me kalle året me snart går inn i? Totusenogti eller tjueti?
Språkrådet bestemte alt på 80-talet at det skal heite totusenogti, men kva om Kari og Ola Nordmann heller vil seie tjueti, tjuefemten og tjuetjueni? Skal byråkratar og NRK-tilsette likevel halde på totusen-uttalen?
Høyr Sylfest Lomheim, Ruth Vatvedt Fjeld og Ola Nordmann diskutere kva framtida heiter.

Blir ein norsk dialekt uforståeleg når den kjem frå eit pakistansk ansikt? Høyrer ein berre det ein ser?
Kåsør Namra Saleem frå Rogaland fekk eit uventa møte med austlendingane då ho flytta til Oslo.

Kvifor bør ein kjenne sine Pappenheimarar? Og kven var desse karane? Sylfest Lomheim svarar på lyttarspørsmål.