Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 4. februar 2012 kl 20.55 Norsk attraksjon

Sverige er ein einaste stor attraksjon!


Norsk attraksjon har sprengt budsjettet og blir sendt til Sverige for å spare pengar. Beskjeden kjem overraskande, men det er ikkje verre enn at Linda Eide kastar seg rundt og legg ut på ein grensesprengande tur til fleire eksotiske svenske attraksjonar.

Sverige er landet der du finn flest utgåver av noko som er verdas største. I tillegg har svenskane funne opp det meste som har vore verdt å finne opp, som dynamitten, kulelageret og Flymo-grasklipparen som tre høgdepunkt!

På den fascinerande øya Gotland ligg det så mange skattar nedgrave i jorda at det er forbode for turistar å ta med seg metalldetektor. Tek du den likevel med deg, rykker politiet ut for å hindre plyndring. Men Jonas Strøm hadde lov til å leite og han fann verdas største vikingskatt!

Dalahesten er sjølve symbolet på Sverige. Men når vart den raudmala trehesten det og korleis? Dalahestens rike får Linda Eide ei praktisk innføring i det tradisjonelle handverket, der det å miste ein finger er tilnærma kvardagskost.

På det kongelege Gripsholm slott fins beviset på at også svenskane kan gjere ei n tabbe. Men til og med tabbane sine stiller dei stolt ut! Løva var ein gong ei gåve til kongen, men utstopparane hadde nok aldri sett ei løve, og gav ho meir sjarm og varme enn det som må seiast å vera normalen. Omgrepet partyløva kan ha blitt fødd med løva på Gripsholm.

Dessutan testar vi svenskane sin kunnskap om eigen nasjonaldag, og ser nærmare på julbocken i Gävle. Verdas største halmbukk har det nemleg med å bli brent ned, men kvifor det?

Om serien
Norsk attraksjon trakkar utanfor den vanlege turistløypa og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte program guidar Linda Eide oss til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi.

Bli med på ei reise inn i eit Noreg som ingen har bede deg om å hugse, men som du aldri kjem til å gløyma. Det blir kuldesjokk i Karasjok, Leif Ove Andsnes på ustemt flygel, ei heftigare brudeferd enn den i Hardanger, nærkontakt med ville dyr og mykje meir i denne tredje sesongen av suksesserien Norsk attraksjon.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Irene. Elisabeth Rossland. Tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no, tlf: 815 65 900