Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 13. september 2011 kl 20.15 Folk: Fiskarbonden Erik

Fiskarbonden – ein utdøyande rase


Ein gong titusenvis, no ein utdøyande rase. Men framleis fins det nokre få fiskarbønder her i landet. Erik Riisnes i Nordhordland prøver framleis å leva slik forfedrane gjorde gjennom hundrevis av år.

For nokre tiår sidan var "fiskerbonde" ein svært vanlig yrkestittel langs av store deler av Kyst-Noreg. Fiskar når fisken bit, bonde når åker og eng skal haustast og buskapen treng sitt – og litt torghandlar innimellom. Erik Risnes i Masfjorden nord for Bergen er ein av dei få som framleis kallar seg fiskarbonde. Så å seia i skuggen av landets oljeindustri driv han trassig eit lite småbruk med sau og mjølkekyr. Og på fjorden utanfor driv han fiske – torsk om vinteren, sei og lange utpå våren og krabbefiske på sommaren.

Innan synsvidde frå det gigantiske oljeraffineriet på Mongstad set han sine garn og teiner – og kjenner slektskapet med generasjonar som har slite på same måten før han.

Minstejenta Frida vil gå i pappas fotspor. Ho stortrivst med dyra på garden, og når krabbefisket er på sitt beste blir Frida med til Bergen for å selja fangsten på Fisketorget. Og heime er det også spennande ting på gang; i det 400 år gamle tuntreet ventar kattugle-paret familieauke.

Produsert av: Corax Film v/Magne Sleire
Redaktør:. Oddbjørn Rosnes, 7815458
Pressekontakt: Silje Marie Lien, tlf 23 04 41 01/975 252 87
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900