Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 onsdag 11. juli 2012 kl 18.10 Norsk attraksjon

Utanfor den vanlege turistløypa


Eit villdyr som ikkje fins i Noreg, men er her likevel, og ein klaustrofobisk båttur med ladd pistol og ertesuppe! Det blir dramatikk i denne episoden av Norsk attraksjon.

Linda Eide famlar i blinde i Holmenkollen og møter ein suksesshoppar som ingen fekk sett før han landa. Ho legg ut på ei spektakulær brudeferd, som slår den i Hardanger ned i støvlane. Ole Brude fann opp den innebygde livbåten som fekk tilnamnet "Brudeegget". Bokseerter, ein ladd pistol og endelause, klaustrofobiske timar måtte til for å bevise dugleiken til den banebrytande oppfinninga. Då kan ikkje Norsk attraksjon vere dårlegare, men vil programleiaren kome frå det med helsa i behald?

Og tåler ho ei ferd opp til kunstverket som alle ville ha, men plutseleg ingen ville ta i, bortsett frå ein modig mann i Bøverdalen?

Om serien
"Norsk attraksjon" trakkar utanfor den vanlege turistløypa og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte program guidar Linda Eide oss til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi.

Bli med på ei reise inn i eit Noreg som ingen har bede deg om å hugse, men som du aldri kjem til å gløyma. Det blir kuldesjokk i Karasjok, Leif Ove Andsnes på ustemt flygel, ei heftigare brudeferd enn den i Hardanger, nærkontakt med ville dyr og mykje meir i denne tredje sesongen av suksesserien "Norsk attraksjon".

Programmet er sendt tidligere.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Irene. Elisabeth Rossland , tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no, tlf: 815 65 900