Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 26. juni 2011 kl 21.05 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

På vitjing i havgapet


Severin Rønes (25) er ein høgst oppegåande, utovervend og reflektert ung mann, og han har ein stor venekrins. Men han bur åleine, på ein veglaus gard ved Storfjorden på Sunnmøre, ein gard han sjølv har namnet sitt etter. Oddgeir Bruaset tek oss med på vitjing ute i havgapet.

Strandgarden Røneset var bruket som besteforeldra til Severin levde av, heilt til dei tidleg på 60-talet tok med seg dei tre ungane sine og flytte til kommunesenteret i Sykkylven, med få meters avstand til skule, butikk og postkontor. Men sonen, Odd Arne, vende ofte attende til ættegarden, og då han sjølv vart far, tok han eigne ungar med. Slik vart dei glade i staden og i naturen omkring, og slik vart dei friluftsmenneske. Severin vart endåtil gripen av tanken om å flytte attende til garden, og då han fekk arbeid på eit oppdrettsanlegg litt lenger inne i fjorden, gjorde han alvor av draumen.

Annakvar veke-pendlar
Den eine veka bur han i eit hus på anlegget midt ute i fjorden, og ved å arbeide lange dagar har han fri den neste veka. Då er han heime på Røneset saman med dyra sine, ein flokk villsauer og nokre geiter.

-Det er dyra som gjer ein gard levande, seier han: -Dessutan er villsauene gode røktarar av kulturlandskapet. Og kulturlandskapet er 25-åringen oppteken av. Han har sett bilete av dei vide markene då garden vart driven, og av den vakre vangen oppe på setra, og ved å oppdage korleis bøane har grodd att, kjenner han seg reint sjuk. Men slik det var, slik kan det også bli. Småbrukaren høgg og sagar og ryddar skog, og ein dag skal all den jorda som vart broten, på ny bli hausta.

Jeger er han òg. Likast er det å liggje på setra og jakte hjort, men han syter òg for at rev og mår og røyskatt lever meir utrygt etter at det på ny kom folk til Røneset: -Rovdyra tek både egg og fugleungar, og skal rype og orrfugl ha ei framtid, lyt røvarane haldast nede, seier jegeren, som har innført ei sjølvpålagt, om enn mellombels freding av småviltet.

Stor-storm
Naturkreftene har han nært inn på livet, til glede og sorg. Sorga oppstod etter at to storstormar sist vinter gjorde skade på eigedommen. Den første braut båten hans ned, endå han var fortøya på forskriftsmessig vis eit stykke frå land. Den neste reiv kaia og kasta bitane på land eit steinkast lenger inne. No har han berre ein liten, open båt å hjelpe seg med, og er det litt ruskete utpå, lyt han gå på ein bratt og smal og svingete stig oppe i fjellsida når han skal til eller frå arbeid eller hente post og proviant. Ein times tid tek turen, kvar veg.

Midtpunkt i periferien
Han har nok å hengje fingrane i. Skulle det likevel bli ei ledig stund ein sein kveldstime, har han ingen PC å trive til, ikkje TV heller. I staden set han seg i omnskroken med ei bok i fanget og les om villmarkslivet, slik menn som Helge Ingstad og Mikkjel Fønhus har skildra det. Han er annleis enn ungdommar flest, men like fullt eit midtpunkt i kameratflokken. Og ungdommane finn vegen til Røneset, i alle fall om sommaren.

-Eg har meir besøk no enn då eg budde inne i sentrum, hevdar han. Og det er ikkje så rart. Røneset er ein idyll på godvêrsdagar. Då sit karane ute i hagen og meskar seg på krabbe og reke, ferskfisk frå fjorden og hjortekjøt frå fjellet.

-Kan ein ha det betre? spør Severin, medan han frå badestampen nede ved stranda hevar glaset mot vinkande turistar på cruiseskipet som glir forbi: - Eg ville ikkje ha bytt med dei, svarar han på sitt eige spørsmål.

Sendt tidligere.

Dokumentarserie i seks deler fra NRK Møre og Romsdal (2009)
Programansvarlig: Oddgeir Bruaset, tlf 976 98 130
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no, tlf: 414 28 800
TV-seere bes kontakte info@nrk.no, tlf 815 65 900 info@nrk.no