Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 22. januar 2013 kl 19.45 Ut i naturen: Herdalshuldra

Ei smilande overrasking


- Welcome! - Sorry, if you expected blond, curly hair! Nailoke Shilunga smiler som eit varmt savannepust mot oss. Mange forventar blonde, bunadkledde budeier når dei kjem til Herdalssetra.

Mellom kneisande sunnmørsfjell og ein yrande, kvit geiteflokk står sjefbudeia sjølv; ei vever namibisk kvinne med dansande rastafletter.

Freda landskap
Gjennom 300 år har folk drive seter her i Herdalen, ei irrgrøn høgslette klemt inne øvst mellom Norddal og Geirangerfjorden. Den er eit stykke norsk natur så eineståande vakker og særeige at UNESCO har freda heile fjordlandskapet som verdsarv.

Framtidsretta seterdrift
Herdalssetra er eit senter for norsk geitehald. Det vert drive av mellom anna ekteparet Åshild Dale og Jostein Sande. Kvar dag gjennom sommarhalvåret vert tre hundre geiter mjølka på setra. I dei ulike sela vert det laga ost, geitemjølk-karamellar og andre matspesialitetar. Dale og Sande meiner seterdrift er særs framtidsretta og ei skånsam forvalting av naturen vår. Dei har og satsa på eit internasjonalt miljø i seterdrifta.

Forelska i fjella
-Eg kjenner meg heime på Herdalssetra, forklarer Nailoke som sjølv har ei dramatisk historie med krigsherjingar. Ho har oppsøkt det råe lanskapet år etter år. Utfordringane er mange, og slettes ikkje alle dagar er lette og solblanke.

Egenproduksjon, 2012.
Programleiar: Gry Molvær
Fotograf: Tor Sivertstøl
Prosjektleiar: Henning Skjæret

Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no tlf 414 28 800
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900