Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 21. oktober 2007 kl 18.03 Folkemusikktimen

Folkemusikk på scena

Folkemusikken i Norge er i vinden og apparatet rundt utøvarane blir meir og meir etablert. Men korleis kjem du gjenom smutthulet - ut på turnè og blir booka av arrangørar i inn og utland? Programleiar i Folkemusikktimen Tone Jorunn Tveito stiller spørsmål til bl.a den Norske Folkemusikkscena og Norsk Folkemusikkformidling. Kanskje får du svar på nokre av spørsmåla dine?

Folkelarm har nyleg blitt arrangert og der var programleiar Tone Jorunn Tveito framom og bak scena for å vite korleis det er for utøvarane å vise seg fram. Kva drøymer dei om? Kva er målet? For Folkelarm er staden der utøvarane skal vise seg på scena i håp om å bli booka på turne og få fleire speleoppdrag…

Folkemusikktimen reklamerar også for at du kan høyre folkemusikk ei heil veke i november. Ukas-P2 artist, veke 45, er kvedaren og folkemusikaren Agnes Buen Garnås frå Bø i Telemark. Ho valgte kveding som profesjon.Tonane hennar har nådd langt utanfor Norges grenser. Du får høyre ein liten smakebit av programserien "Kvinna med Kvedarhjarta"

Du høyrer også at Majorstuen som fyrste norske folkemusikkgruppe er med i det offisielle programmet til WOMEX i Sevilla, Spania. Over 2500 deltakarar frå over 80 land. Folkemusikktimen neste veke blir sendt direkte frå WOMEX i Spania.

OG IKKJE MINST Sjølvsagt høyrer du mykje bra folkemusikk… Hallgrim Berg, Sigurd Brokke, Daniel Sanden Warg, Dei beste damene, Tindra, Gjermund Larsen, Susanne Lundeng, Geitungen, Leif Rygg, Agnes Buen Garnås, Majorstuen...

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.