Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK2 fredag 4. november 2011 kl 23.15 Film: Dei tre musketerane


Den unge D'Artagnan dreg til Paris for å bli musketer i Kongens garde. Der tergar han på seg tre av veteranane i garden: Athos, Porthos og Aramis. Dei utfordrar han til duell kvar på sin kant.

Men før duellane har funne stad, blir dei alle fire konfrontert med ein felles fiende - kardinal Richilieus gardistar.

Dette blir byrjinga på eit langt vennskap mellom dei fire våpendragarane.

Send tidlegare.

Britisk action frå 1973.
Originaltittel: The three Musketeers
Regi: Richard Lester
Med Michael York, Oliver Reed, Richard Chamberlain, Frank Finlay, Raquel Welch, Geraldine Chaplin, Spike Milligan, Faye Dunaway og Charlton Heston.
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no, tlf: 414 28 800
TV-seere bes kontakte Publikumsservice: Publikumsservice, tlf: 815 65 900