NRK1 torsdag 8. desember 2011 kl 20.15 Solgt!
Hyttenabo med Røkke?
![]() |
Kor mykje må du betale for å bli hyttenabo med Kjell Inge Røkke? Solgt! har reist til fjells for å ta ein nærare kikk på den norske hyttemarknaden. På visningsrunden i Oppdal kan programleiar Frode Søreide by både på luksus og hytte utan vatn og straum.
-Det er ikkje så mange hytte å selje på St.Hanshaugen i Oslo så dette blir vanskeleg og rein gjetting. Får sjå litt på bilparken rundt her. Kanskje den kan gi eit hint, seier Rune Hardalsen som til vanleg sel hus i Oslo.
Den vakre fjellbygda Oppdal ligg strategisk til mellom Dovrefjell og Trondheim og har Noregs største alpine skiområde. Kommunen tel 6500 innbyggarar og er like stor i utstrekning som heile Vestfold fylke og over 80% av arealet er å rekne som høgfjell. Det finst over 3000 private hytte i Oppdal.
Programleiar Frode Søreide byr både på luksus og enkel hyttestandard i Solgt! i kveld. Vi startar kloss i alpinbakken med ei hytte som har alt. Men kor dyrt er det eigentleg i det som lokalt blir kalla "Røkke-lia"?
Kontrastane er store til neste objekt. Her drar vi til idylliske Orkelsjøne som ligg på snaufjellet. Denne hytta har ikkje innlagt vatn eller straum. I finalen drar vil til Gjevilvassdalen som er rekna som Noregs vakraste sæterdal.
Til å tippe pris har vi tatt med oss Rune Haraldsen og Joackim Bjøntegård frå Privatmegleren på St.Hanshaugen i Oslo. Konkurrentane kjem frå Haugesund og selskapet Eiendomsmegler A. Representert ved Hugo Wee og Hege Stange.
Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.
Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.
"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".
Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar.
Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved NRK sine distriktskontor, FBI og ved 17-mai-sendinga.
Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no, tlf: 815 65 900