Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK3 søndag 7. august 2011 kl 19.30 Solgt!

Gjer eit bustadkupp!


I Oslo sloss barnefamiliane om rekkehusa. Ei kort togreise unna hovudstaden er det framleis mogeleg å gjere eit bustadkupp med hus og hage til under tre millionar. I Solgt! på onsdag reiser vi til Fetsund i Akershus.

Fetsund er ein tettstad i Fet kommune i Akershus – om lag 30 kilometer frå Oslo og åtte kilometer søraust for Lillestrøm. Med tog tek det ca 20 minutt frå Oslo S. Sjølv om kommunen har opplevd vekst og etterspurnad etter nye bustadområdet er stor – kan du framleis gjere eit kupp – samanlikna med Oslo.

- I nyare bygg er det alltid folk frå Oslo på visning, og då særleg barnefamiliane som vil ut av Oslo by. Dette er nok på grunn av at det er veldig god utbygd kommunikasjon med tog og bussar frå Oslo samanlikna med andre stader her på Romerike, seier Kristin Pettersen i Eigendomsmeglar1.

Prisane på nyare bustader er pressa høgt opp siste åra. Likevel er det mogeleg å gjere eit kupp. På litt eldre hus frå 70-talet kan ein framleis få både hus og hage til under tre millionar kroner. Når det gjeld moderne hus har vi derimot merka ei sterk prisauke dei siste åra.

Dette er nok eit område som vil halde fram å vekse. Fleire store bedrifter etablerar seg i området og på same tid er det kort veg til Oslo og Gardermoen, seier Pettersen.

Bergen mot Bodø
Til å prøve seg på bustadmarknaden her har vi henta Majken Hugubakken og Ståle Limstrand frå Bodø og Postbanken Eigendom. Frå Bergen og Eigendomsmegler Vest har vi Glenn Rene Heggøy og Therese Schutz Pettersen. Dei veit lite om bustadprisar i Fetsund.

-Eg ser vi har passerte Lillestrøm. Men om dette er eit attraktivt nok område for Oslo-folk å pendle til er eg litt usikker på. Bergensarar er veldig lite glad i å stå i kø og køyre langt, men eg har eit inntrykk av at det er annleis i Oslo, undrar Glenn Rene Heggøy i det han stig ut av bilen på Fetsund.

Kongeleg ferieparadis
I dette programmet er det alt frå finsk arkitektur til ein gigantisk sveitservilla meklarane skal tippe pris på. Villaen på Kampheim er på 650 kvadratmeter og har ein kongeleg og rik historie. I eldre dagar vart det mellom anna nytte som feriebustad for Kong Oscar den andre. Kampen Menighet har også nytta huset i lang tid. Dette er eit hus med stove på stove med ballsalar og dronningsuite. Siste åra har det vore i privat eige – og prisen vil nok overraske mange!

Finsk arkitektur
Det første huset meklarane skal tippe pris på er eit hus teikna og inspirert av finsk arkitektur. Huset er i moderne stil og med mange påkosta detaljar. Mellom anna ein stor omn i stova som er henta frå Finland og fungerar etter same prinsipp som ein kakkelomn. I tillegg har det eigen utleigedel i kjellaren på garasjen. Men det store spørsmålet er sjølvsagt om det er badstue?

Meklarane blir også presentert for eit eldre hus som har vore gjennom fleire rundar med påbygging og oppussing. Med andre ord ei vandring i stilartar – der vi får eit gjensyn med runde buer, brystpanel og fargerike border.

Dette er siste episode av Solgt! denne sesongen.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i eit ukjent marknad. De rivaliserande firma konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike objekt."Solgt!" er ein underhaldande konkurranse tufta på den danske sjåarsuksessen "Hammerslag". Serien har gått på DR i hele 17 sesongar og er eit av kanalen sine mest sette program.

Den norske versjonen av serien gikk på lufta første gong i vår og oppnådde stor suksess med over en halv million sjåarar og ein marknadsandel på mellom 40 og 50 prosent. I haustsesongen er det dei seks norske stadane, Kristiansand, Fredrikstad, Oslo, Trondheim, Stavanger og Fetsund, som stiller med objekt. Meklarane må gjette til kva for ein pris. I år som i fjor er det Frode Søreide som er programleiar i denne serien.

Søreide er 31 år og kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent og ved NRK sine distriktskontor. De siste fire åra har han vore reporter i FBI.

Sendt tidligere.

Eigenproduksjon ved NRK samfunn og dokumentar 2010
Programleder: frode.soreide@nrk.no 23 04 61 59/900 42 225
Prosjektleder: Randi Helland
Pressekontakt: Sidsel Linden, 23 04 98 41 / 909 55 364
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice info@nrk.no, tlf: 815 65 900