Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 25. desember 2008 kl 19.45 Veret som var

Kaldt, varmt og vått

Øyvor Bakke viser oss veret i 2008. (NRK-foto)
Øyvor Bakke viser oss veret i 2008. (NRK-foto)
Korleis var veret i 2008? Gjennom fire årstider har programleiar Øyvor Bakke samla reportasjar frå heile landet, og i dette programmet viser ho deg veret som var. Me opplever alt frå storm og skogbrann, til troperegn og rekordvarme.

Året 2008 har vore både varmare og våtare enn normalt. Det har folk rundt om i landet fått merka på forskjellig vis. Me bur i eit langstrakt land med høge fjell, djupe dalar og store vidder, og veret varierer veldig frå plass til plass.

Ekstrem start på snørik vinter
I løpet av ei veke i januar slo ekstremveret "Sondre" og "Tuva" inn over landet vårt med full kraft. Det bles opp i orkan styrke og fleire stader kunne folk ikkje hugsa å ha sett slike krefter.

Resten av vinteren var snørik mange stader i år. I sør blei enkelte leie all snøen, mens folk i Nordland kunne sjå langt etter den.

Lunefull vår og iskald 17. mai
Våren er lunefull, og i Oslo opplevde folk den kaldaste 17. mai på 50 år. Med snø i lufta, vottar og hue blei feiringa litt annleis, men kongefamilien sto tradisjonen tru i tre timar på balkongen og vinka.

Før vårløysinga låg det like mykje snø i fjellet i Sør-Noreg som før storflaumen i 1995. Folk frykta historia skulle gjenta seg, men du skal få sjå at veret var med oss.

Sommar med skogbrann og troperegn
Sommaren i år baud på alt frå herleg badever til ekstrem tørke og styrtregn. I Froland gjekk 30 000 mål skog og fleire hytter tapt i flammehavet under skogbrannen i juni. Men korleis kan eit fylke som har det nest våtaste året sidan målingane starta, oppleva den verste skogbrannen i Noreg i nyare tid? Me reiser til Froland for å forklara kva som skjedde.

Og ei lita bygd i Rogaland fekk oppleva det nærmaste me kjem troperegn her nord. I Oltedal styrtregna det i fire timar i strekk, og folk måtte evakuerast. Du får vite kvifor det kom så mykje regn akkurat her.

Haust – storm og stille
Hausten kom med sol og vakre fargar, men så slo hauststormane inn over den langstrakte kysten vår. Ikkje lenge etter kom den første snøen, og som vanleg kom det like overraskande på oss i år som i fjor.

Bli med oss på ei reise gjennom året 2008 og opplev veret som var!

Egenproduksjon frå naturredaksjonen
Programleiar: Øyvor Bakke
Redaktør Ut i naturen: Terje Dale
Pressekontakt/programinformasjon: Helene Amlie, 23 04 77 51 / 95 10 02 99 info@nrk.no

TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 info@nrk.no