Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 16. september 2008 kl 19.30 Ut i nærturen

Ut i naturen der du er!

Elin Helgheim syner vegen saman med folk som Kristin Krohn Devold, Susanne Lundeng, Vivi Haug, Svein Pettersvold og Viggo Sandvik i
Elin Helgheim syner vegen saman med folk som Kristin Krohn Devold, Susanne Lundeng, Vivi Haug, Svein Pettersvold og Viggo Sandvik i "Ut i nærturen". (Foto: NRK)
For første gong i historia blir 11 ulike program sendt samtidig i Ut i Naturen. Sendenettet blir delt på same måten som når dei regionale nyheitssendingane går, og målet er å inspirere til turgåing i nærområdet: - Det håper vi at vi greier med rett og slett å tilby regionale nærtur-sendingar, seier programleiar Elin Helgheim.

Vi i Noreg er så heldige å ha naturen nære til, same kor vi er. Tirsdag 16. september inviterer NRK for første gong til "Ut i nærturen", med i alt 11 ulike stadnære program, sendt frå kringkastingens distriktskontor i Tromsø, Bodø, Trondheim, Ålesund, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Skien, Fredrikstad, Oslo og Gjøvik. - Ut på tur! lyder oppmaninga frå programleiar Elin Helgheim.

No syner ho vegen saman med kjende turleiarar som t.d. Susanne Lundeng (Bodø), Vivi Haug (Fredrikstad), Svein Pettersvold (Skien) og Viggo Sandvik (Gjøvik).

Sjekk utstyr
-Vi er godt utstyrt med sekk og gode tips frå Kristin Krohn Devold i Den norske turistforening, og vi legg i veg saman med ein lokal turkamerat, fortel Elin Helgheim.

Det er utruleg kor mange ulike folk som ofte går på tur i dette landet. Vazelina-vokalist Viggo Sandvik på Gjøvik har gått på tur heile sitt liv. I sendinga vil han vise sjåarar i Hedmark og Oppland ein av sine favoritturar.

Nordafjells og sørafor
Gylve Fenris Nagell er kjent frå black metalbandet Darkthrone og er ein ihuga turentusiast. No tek han Oslo- og Akershus-sjåaren med på Ramstadslottet i Østmarka. Susanne Lundeng i Bodø småspring av garde på tur så ofte ho kan, og sjåarar i Nordland får vere med på Løpsfjellet og Keiservarden. I Tromsø har "På-tryne" og "Ugler-i-mosen" Finn Arve Sørbøe komme litt utav det med å gå på tur, og han blir kjempeglad for eit lite spark bak. Det går
rett frå stovedøra og opp på Kjølen på Kvaløya.

Ikkje berre for tur-gale
-Men tru ikkje at vi berre går på tur med turgale, seier Helgheim: - I Bergen dreg vi med Doddoen, altså Eduardo Andersen, på Redningshytten. Han har aldri skjønt poenget med å gå på tur. Det same seier skribenten Lillian Røsaak i Kristiansand, for å ikkje snakke om skodespelaren kjent som VG-dama, Vivi Haug i Fredrikstad.

Korleis det går med desse meir eller mindre uvillige turgårane kan du sjå i "Ut i nærturen". Dei 11 nærturprogramma blir lagt ut på internett, så alle utanfor t.d. Hedmark og Oppland med og utan søskenbarn på Gjøvik, kan sjå programmet med Viggo Sandvik på www.nrknatur.no

Program frå Naturredaksjonen, NRK Hordaland
Programleiar: Elin Helgheim, tlf 91 12 41 90
Redaktør:Terje Dale , tlf: 91 53 24 30
Kontaktperson: Steinar Dahl, tlf. 23 04 74 57




LENKER
  • Les og sjå meir