Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK2 torsdag 1. januar 2009 kl 22.05 Med lisens til å sende: Lokale augneblinkar

Nasjonal lokalsuksess

Med lisens til å sende: Lokal augneblinkar: Isbading med nakne og vinterbleike kroppar i Norge Rundt blei for heftig kost for mange sjåarar, og programmet vart klaga inn for Kringkastingsrådet. NRKs Magnhild Øwre i gult. (Foto: NRK)
Med lisens til å sende: Lokal augneblinkar: Isbading med nakne og vinterbleike kroppar i Norge Rundt blei for heftig kost for mange sjåarar, og programmet vart klaga inn for Kringkastingsrådet. NRKs Magnhild Øwre i gult. (Foto: NRK)
Eit av Noregs meste populære tv-program er Norge rundt. Det er basert på reportasjar frå heile landet laga ved NRKs distrikts- og lokalkontor. Det siste programmet i NRKs jubileumsserie "Med lisens til å sende" tar for seg dei lokale augneblinkane.

Daglege nyheitssendingar på radio og fjernsyn er kjerna i det distriktskontora til NRK lagar. Men det mest populære programmet er Norge rundt. Då Norge rundt vart flytta frå Oslo til Bergen, kom også synda inn i det elles snille og trivelege programmet. Isbading med nakne og vinterbleike kroppar blei for heftig kost for mange sjåarar, og programmet vart klaga inn for Kringkastingsrådet.

Lokalt og nasjonalt
I programmet om distriktskontora, som er det siste i programserien "Med lisens til å sende", får me også forklaringa på kvifor Norge rundt blei flytta til Bergen. Programmet speglar også store dramatiske hendingar, som Altaaksjonen i Finnmark og Caledonienbrannen i Kristiansand.

Få allmennkringkastarar har gjeve urfolk så stor plass som NRK har gjort. Sami Radio sender i dag radio og fjernsyn til dei nordiske landa. Tidlegare kringkastingssjef Einar Førde får mykje av æra for at dei samiske sendingane både fekk sendetid og ressursar. Då Førde gjekk av som kringkastingssjef, blei han takka for innsatsen med ein vakker joik. Den er med i programmet.

Konkurransefortrinn nr. 1
Distriktskontora er NRKs største konkurransefortrinn, seier tildlegare NRK sjef, noverande Dagbladredaktør, Anne Aasheim.

Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas er samd med henne i det. Han fortel også om korleis distriktskontora teknologisk har vore i front når det gjeld å teste ut nye produksjonsmåtar.

Forundringspakke
NRKs distriktskontor er som ei forundringspakke, dei dekkjer både det kvardagslege og dei dramatiske hendingane. Dei leverer både til riksnettet og lokalt, og gjer at allmennkringkastaren lever opp til mottoet: "Noko for alle. Alltid."

Styrken ligg i at NRK på denne måten er der folk lever og bur, nær og tilstades. Ei lita jonsokbrur frå Vestlandet avsluttar programmet, ho illustrerer det som NRK har tufta sitt programtilbod på. Det norske folk vil høyre om og sjå det levande og pulserande livet i heile vårt vidstrekte land.

Dokumentarserie frå NRK Fakta (2008)
Produksjon: Perspektiv-redaksjonen
Prosjektleiar: Harald Reitan
Programansvarleg: Anne Lognvik
Kontakt Programinformasjon: Hans T. Wiig, 23 04 96 23 / 930 96 112
Tv-sjåarar kan kontakte Publikumsservice info@nrk.no, tlf 815 65 900